Dagen viker og går bort

«Dagen viker og går bort» er ein kveldssalme av Dorothe Engelbretsdotter, opphavleg gjeven ut som «Afften-Psalme» i Siælens Sang-Offer i 1678. Salmen hadde opphavleg 20 vers. Av desse er 11 tekne med i Norsk salmebok (1985) og Norsk salmebok 2013.[1]

Salmen er nummer 810 i Norsk salmebok 2013.[2]

Salmen har ei rekkje melodiar. Catharinus Elling, Ole Mørk Sandvik og andre skreiv ned ulike norske folketonar som blei brukte med henne. Melodien i den norske salmeboka er ein dansk variant av ein melodi frå 1566-utgåva av salmeboka til dei bøhmiske brørne.

Kjelder endre

  1. Holter, Stig Wernø (29. mai 2019). «Dagen viker og går bort». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Dorothe Engelbretsdotter/Eide forlag AS. «Afften Psalme». Henta 8. januar 2020.  CC-BY-SA-4.0

Bakgrunnsstoff endre