Sidsel Westbø (fødd 23. mars 1943) er ein norsk grafikar, teiknar og målar fødd i Skien.[1] Ho arbeider i eit nonfigurativt formspråk med enkle, geometriske former og reine fargeblandingar.

Sidsel Westbø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1943 (81 år)
Skien kommune
Yrke grafikar

Westbø studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1962-66 og deretter ved Statens Kunstakademi 1966-70.[1]

Ho er representert ved mellom anna Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst. Westbø har dekoreret glasveggane på seks overgangsbruer på Oslo lufthamn, Gardermoen.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Sidsel Westbø», Kunstnerforbundet (på norsk bokmål), henta 6. januar 2019 
  2. «Kunst på flyplassen - Avinor», avinor.no, arkivert frå originalen 6. januar 2019, henta 6. januar 2019 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.