Sigbjørn

mannsnamn

Sigbjørn er eit mannsnamn av norrønt opphav, sett saman av norrøne sigr, som betyr 'siger', og bjǫrn, 'bjørn'. Sebjørn er ei anna form av namnet, medan Sibbe er ei kortform.

Diktaren Sigbjørn Obstfelder.

Sigbjørn har norsk namnedag den 15. februar.

Namnet Sigbjørn er mest utbreidd i Noreg, samanlikna med andre land. Det har særleg vore gjeve ved midten av 1900-talet. Rundt 1950 kunne opptil 0,15% av gutar få namnet. I 2009 var det 2020 norske menn som heitte Sigbjørn.

Kjende namneberarar

endre

Oppdikta

endre

Kjelder

endre