Sigbjørn Steinarsson Helle

Sigbjørn Steinarsson Helle (14. juli 181524. juni 1899) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Fjotland i Vest-Agder.

Sigbjørn Steinarsson Helle
Fødd 14. juli 1815
Død

24. juni 1899 (83 år)

Yrke politikar

Far hans var gardbrukar. Sjølv var han skulehaldar i heimbygda frå 1837 til 1856. Frå 1840 var han gardbrukar på farsgarden i Fjotland. Han var medlem av heradsstyret 1843-90, ordførar i 30 år. Elles var han forlikskommissær 1843- 49 og 1853-90, samt formann i matrikkelkommisjonen i Fjotland.

Helle representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1862-63, på omframstortinget 1864, i 1865-66 og 1868-69. I heile si stortingstid var han medlem av justiskomiteen.

Han døydde på garden sin i Fjotland i 1899.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914