Siger er det å overvinna motstand eller motstandarar, til dømes i kamp, krig og andre konfliktar eller i leik, spel eller tevling. Ein kan til dømes snakka om militær siger, valsiger, siger ved forhandlingsbordet eller i idrett.

«Siger» av Louis-Simon Boizot. Statuen på toppen av Palmier-fontenen i Paris held laurbærkransar i dei heva armane sine.

Markeringar endre

Siger kan markerast på ulike måtar, gjennom seremoniar og ritual. I tevlingar har ein gjerne ei høgtideleg overrekking av heidersteikn liknande til sigerherren. Gjennom tidene har sigrande krigarar eller militære leiarar markert triumfar i strid med mellom anna ofringar, framvising av trofé, opptog eller byggverk som Trajansøyla eller Triumfbogen.

Symbol på siger kan vera medaljar, pokalar, edle metall som gull og laurbær- eller palmeblad. Vanlege positurar knytte til siger kan vera å strekka opp éin eller begge armane eller forma ein V med fingrane. Visse datoar blir minna som sigersdag i fleire land, til minne om ulike sigrar.

Det finst fleire namn knytte til siger. Namn som byrjar med Sig- er vanlege i germanske namn, medan Viktor, Viktoria og likande frå latin victoria er utbreidde over store delar av verda.

 
Altarskulptur av Jesus som sigerherre over døden i ei kyrkje i Fronreute.
Foto: Andreas Praefcke

Mytologi og soger endre

Ein finn personleggjorte sigersgudar i fleire mytologiar, til dømes Nike i gresk og Victoria i romersk mytologi. Ei rekkje mytologiske, legendariske og folkelege forteljingar går også ut på å sigra over monster som drakar, troll eller liknande. I Gilgamesj-eposet overvinn til dømes heltane den øydeleggjande Himmeloksen, i vedisk mytologi sigrer Indra over slangen Vritra som stengjer for elvene, i gresk mytologi overvinn Zevs far sin, Kronos, og titanane, og i kristne helgensoger vinn heilage Jørgen over ein drake. Meir symbolske sigersfigurar finn ein i den jødiske patriarken Jakob som sigra over ein engel, Jesus som i kristen tradisjon har sigra over død og synd, eller den romerske guden Sol Invictus, 'den uovervinnelege'.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Siger