Sigrid Henjum
Sigrid Henjum (fødd 3. april 1983) frå Leikanger, no busett i Sogndal, er utdanna sjukepleiar, har studert friluftsliv og er utdanna kajakkinstruktør. Ho har jobba som sjukepleiar, breførar, turistguide, matskribent og kokk.
Sigrid Henjum | |
Fødd | 3. april 1983 (41 år) |
Yrke | skribent, kayak instructor |
Sigrid Henjum jobbar fast som guide på padleturar på austkysten av Grønland. Ho er også blitt ein ettertrakta foredragshaldar. Vinteren 2012/2013 starta ho, saman med Sander Buene, opp Sogndal Lodge, ein samlingsstad for fjellfolk med overnatting og guida opplevingar.
Ekspedisjonar
endreHausten 2010 la Sigrid, som einaste jente, ut på ein tur med ei gruppe som hadde som mål å padle rundt Sør-Georgia i Antarktis. Gruppa lukkast og var dei fyrste i verda som gjorde dette sjølvforsynte. I 2011 leia ho ein ekspedisjon over Grønlandsisen. Våren 2013 jobba Sigrid Henjum som scooterguide på Svalbard.[1]
Fjellsportpris
endreI 2011 fekk Sigrid Henjum Den Store Fjellsportprisen, som er ein årleg pris oppretta og administrert av Bratt moro AS. Denne prisen skal gå til ein person, eit lag eller ein organisasjon som har fremja fjellsporten. I juryen sat Rolf Sanne Gundersen, distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane, Kristina Klokkehaug, lærar og tryggleikssjef Fjellsportfestivalen og Andreas Haslestad, fjellførar/tindevegleiar.[2]
Fjellfolk
endreVinteren 2012 var ho eit av portretta i NRK-dokumentaren «Fjellfolk». Serien handlar om korleis ulike folk lever i, av og med naturen og ser på dette som noko av det viktigaste i livet. Serien set også fokus på kva personane må ofre for å leve slik. Serien er laga av Arve Uglum og Torje Bjellaas og over 700.000 såg første episode 12. februar 2012. Dei andre som vart portrettert i serien var Kjell Nyøygard, Solbjørg Kvålshaugen, Familien Krüger/Getsch og Andreas Haslestad.[3]
Bibliografi
endre- 2016 – Turkokeboka et ute : oppskrifter og tips til god turmat (Oslo: Fri flyt). ISBN 978-82-93090-34-2
- 2022 – Et meir ute : 100 nye oppskrifter og tips til god turmat (Oslo: Fri flyt). ISBN 978-82-93090-95-3
Kjelder
endre- ↑ Gamme: 10 kjappe: Sigrid Henjum
- ↑ Sogn Avis: Fekk fersk fjellsportpris
- ↑ UT.no: 700.000 ble med til fjells., arkivert frå originalen 18. april 2012, henta 3. mai 2013