Sigrun Slapgard (fødd 30. oktober 1953) er ein norsk journalist og forfattar. Ho arbeider i NRK sin utanriksredaksjon, og var korrespondent for NRK i Qatar under invasjonen av Irak i 2003.

Sigrun Slapgard

Foto: Tove K. Breistein

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. oktober 1953 (71 år)
Hemsedal kommune
Yrke Journalist, forfattar
Periode 1989-
Debut Draumar i krysseld
Nettstad www.sigrunslapgard.com

Slapgard vart nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for biografien sin om den kvinnelege krigsreportaren Lise Lindbæk. Ho debuterte skjønnlitterært i 2011 med romanen Paradishagen.

Ho er oppvaksen i Ruste og på Vinstra.[1]

Verkliste

endre
  • Draumar i krysseld – Sakprosa (1989)
  • Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk – Biografi (2002)
  • Krig og løgn. Drama i ti akter – Debattbok (2003)
  • Dikterdronningen – Biografi (2007)
  • Paradishagen – Roman (2011)
  • Englestien – Roman (2013)
  • Eg har sett jaguaren – Latinamerikanske historier (2018)
  • Eit hemmelig liv – Biografi (2020)

Prisar

endre

Referansar

endre
  1. Bjørn Sletten. «Romandebutant Slapgard på heimebane». Nettstaden til Dølen. Henta 10. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre