Sigurd Hamran
Sigurd Lund Hamran (24. januar 1902–4. november 1977) var ein norsk fiskar, gardbrukar og politikar frå Tind i Moskenes. Han var stortingsrepresentant frå Nordland og for Arbeidarpartiet frå 1945 til -51 og 1954 til -69.
Sigurd Hamran | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. januar 1902 |
Død |
4. november 1977 (75 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Hamran var son til ein fiskar. Han dreiv sjølv fiske frå unge år, i 1923 skaffa han seg båt og var skipper i mange år. Frå 1926 var han også småbrukar.
I tida 1933-41 var Hamran medlem av Moskenes heradsstyre, varaordførar frå 1937. Han var ordførar i heradet i 1945 etter frigjeringa og på ny perioden 1964-1971.
Frå 1930-åra deltok Hamran aktivt i organiseringa av fiskarane og fiskeria. Han var formann i Åkran fiskarlag 1937-41 og i Moskenes distriktsfiskarlag 1942-46, to lag der han var sentral i skipinga. Elles var han styremedlem 1937-47 i Fiskernes samkjøp S/L og fleirårig medlem og ordførar 1946-47 i representantskapet i Norges Råfisklag.
Hamran var vararepresentant til Stortinget 1945-49 og 1950-53, men møtte fast frå desember 1945 til november 1951, medan Reidar Carlsen var statsråd i den andre Gerhardsen-regjeringa. Hamran var då medlem i Protokollkomiteen 1945-49 og Sosialkomiteen 1950-51. Då han frå nyår 1954 kom innatt på Stortinget som fast representant, også då med sete i Sosialkomiteen. Med tre attval hadde Hamran stortingsplass til 1969, dei tolv siste sesjonane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.