Leif Juster
norsk songar og skodespelar
Leif Juster (14. februar 1910–25. november 1995) var ein norsk skodespelar og teatersjef. Han er onkel til Rolf Just Nilsen.
Leif Juster | |
![]() | |
Fødd | 14. februar 1910 |
---|---|
Fødestad | Christiania |
Død | 25. november 1995 (85 år) |
Dødsstad | Bærum |
Verka som | revyartist, skodespelar, komikar |
Prisar | Kongens fortenestmedalje, Leonardstatuetten, Oslo bys kulturpris, Amandakomiteens ærespris, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen |
KarriereEndra
Leif Juster i 1959, saman med Unni Bernhoft.
Juster debuterte i 1931 og var knytt til teatera Chat Noir og Scala før han tok stillinga som teatersjef i det tidlegare Søilen teater i 1942, og døypte det om til Edderkoppen teater. Då Edderkoppen vart lagt ned i 1967, vart Juster tilsett på Oslo Nye Teater der han var fram til han vart pensjonert.
Leif Juster debuterte som filmskodespelar i 1933 og er kjent frå mange norske filmar, som:
- Fjols til fjells
- Den forsvunnede pølsemaker
- Bustenskjold
- Freske fraspark
- Flåklypa Grand Prix (forteljarstemme)
Prisar og utmerkingarEndra
- Allereie i 1957 fekk Leif Juster Kongens fortenestmedalje i gull.
- I 1969 vann Juster Leonardstatuetten.
- Han vart utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1980.
- I 1991 vann Leif Juster Amandaprisen sin heiderspris.
KjelderEndra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
BakgrunnsstoffEndra
- Lydsnutt med Leif Juster Arkivert 2007-12-05 ved Wayback Machine.
- Leif Juster ved IMDb