Sigurd Meidell

norsk journalist

Sigurd Segelcke Meidell (20. februar 187826. juli 1968) var ein norsk journalist og forfattar, fødd i Bergen.

Sigurd Meidell
Sigurd Segelcke Meidell (1898).jpg
Fødd 20. februar 1878
Bergen
Død

26. juli 1968 (90 år)
Oslo

Yrke journalist, redaktør, genealog, skribent

Meidell var utdanna innan jus, men arbeidde som journalist. I 1913 skipa han Avisernes Kristianiakontor i hovudstaden, og dreiv dette i lang tid. Då han kom i sekstiåra, byrja han å gje ut romanar under psvedonymet Arne Vaagen. Frå 1941 til -56 kom åtte forteljingar med motiv frå Vestlandet og vidare. Han vart rekna som ein flink forteljar, medan dei psykologiske skildringane stod noko tilbake. Meidell var mykje interessert i ættegransking og i kulturhistorie, og var aktiv for Hardanger historielag og Sunnhordlands folkemuseum.

Han er gravlagd i Oslo.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
  • disnorge.no