59°26′28.6″N 16°38′4″E / 59.441278°N 16.63444°E / 59.441278; 16.63444

Sigurdristinga på Ramsundsberget i Sverige
Teikning av Sigurdsristinga: Sigurd drep ormen Fåvne (5), steiker ormehjarta og sleiker i seg blodet (1), skjønar språket til fuglane i treet (2) og halshøgg smeden Regin (3) medan hesten står med gullskatten på ryggen (4). Dyret (6) kan vere Regins og Fåvnes bror Oter, drepe av gudane tidlegare. Runeinnskrifta på ormen Fåvne: «Sigrid gjorde denna bro, Alriks moder Orms dotter, för själen Holmgers Sigröds fader hennes make.»

Sigurdsristinga, som òg vert kalla Ramsundsbergristinga eller berre Sö 101 etter nummeret i den svenske registreringa av runeinnskrifter, er ei stor biletristing med runeinnskrift som er innrista på ei bergflate på Ramsundsberget i nærleiken av Sundbyholm i Eskilstuna kommun i Södermanlands län i Sverige. Ristinga, som i prinsippet er å rekne som ein bilet- og runestein, vert kalla Sigurdsristinga av di motivet er henta frå soga om Sigurd Fåvnesbane.

Runeinnskrifta endre

Runeinnskrifta er innrista på den nedre av dei tre ormane som utgjer ei slags innramming av motivet. Ettersom den vesle fyren som stikk sverdet sitt inn i denne ormen må haldast for å vere Sigurd i ferd med å drepe ormen Fåvne, må det vere ormen Fåvne som er beraren av den bodskape som runeinnskrifta gjer kjend. Dei runeteikna som var vanlege i Sverige i vikingtida er nytta. Attgjeve i normaliserte runeteikn ser innskrifta slik ut:

siriþR kiarþi bur þosi muþiR alriks tutiR urms fur salu hulmkirs faþur sukruþar buata sis.

Omsett til moderne svensk vert dette:

«Sigrid gjorde denna bro, Alriks moder Orms dotter, för själen Holmgers Sigröds fader hennes make.»

Fundamenta etter ei bru er framleis å sjå attmed berget, og ein reknar med at dette er leivningane etter den brua som er nemnd i innskrifta. Det vart i den tidlege kristentida rekna som ei god kristen gjerning å byggje ei bru, slik det framgår av fleire skandinaviske runesteinar, mellom anna den norske bilet- og runesteinen Dynnasteinen.

Soga om Sigurd Fåvnesbane som kristent motiv endre

Soga om Sigurd Fåvnesbane er ein part av både Volsungesoga og den såkalla heltediktinga i diktsamlinga Den eldre edda, nedskrivne i mellomalderen. Fleire hendingar or denne diktinga finst som kristne motiv i biletframstillingar frå mellomalderen, både på stavkyrkjeportalar i Noreg, og på biletsteinar i Sverige og i England. Særleg vidgjeten er framstillinga av soga om Sigurd Fåvnesbane på Hylestadportalen, den eine av to portalar som vart teke vare på då Hylestad stavkyrkje i Setesdal i Noreg var rive.

Ikkje noko i sjølve runeinnskrifta på Sigurdristinga syner til soga om Sigurd Fåvnesbane, men i biletet finn ein alle dei elementa som trengs for å setje ristinga i samband med denne diktinga på eit overtydane vis. Det same gjeld for biletet på Hylestadportalen. Det har vore hevda at dette er heidne motiv som vert nytta i kristen samanheng av di dei var særs populære i både heiden og kristen tid, og at Sigurd Fåvnesbane, ved å drepe den kjempestore ormen Fåvne, har vore sett på som ein helt som kunne samanliknast med dei kristne, mytiske drakedreparane som vart rekna som helgenar.

Men det er meir sannsynleg at både Sigurdristinga på Ramsundberget, volsungmotiva på stavkyrkjeportalane, Volsungesoga og «heltediktinga» i Den eldre Edda målber kristne bodskap på ein annan måte enn at Sigurd vart rekna i kristen tid som ein helt. Slik plasseringa av runeinnskrifta på sjølvaste ormen Fåvne i Sigurdristinga ber bod om, skal biletet og runeteksten sjåast på som ei eining, og denne eininga skal tolkast på bakgrunn av at volsungediktinga skildrar to herskarætter som utslettar ikkje berre seg sjølv og kvarandre ved å drepe eller organisere drap på grunnlag av mistru, svik, unormert kjærleik og attrå, men òg utslettar viktige heidne mytologiske skapnader som dei tre brørne Fåvne, Oter og Regin er kristne parodier på. Attom denne totale utslettinga står gudane Odin, Høne (Hønir) og Loke, med Odin i brodden, slik Volsungesoga gjer det klart. Det er på guden Odins initiativ at dei siste overlevande i denne bloddryppande soga vert teke or dage.

Dette mellomalderkomplekset av ord og illustrasjonar om svik og drap set heile den heidne mytologien, kulten og samfunnsordninga inn i rammene for det kristne verdsbiletet på ein måte som godtgjer at alt heidensk var dominert av djevelen som fylgje av den makta han fekk over menneska ved å ha organisert syndefallet i Edens hage. Ved hjelp av kristne omskrivingar og omtolkingar av det som i mellomalderen var velkjende og populære myter frå heiden tid, har volsungediktinga og illustrasjonane til denne diktinga på stavkyrkjeportalar og i annan samanheng gjort det klart for folk at heidendomen så å seie drap seg sjølv på grunnlag av sitt djevelske innhald, slik at herskarættene og samfunnet kunne fødast på nytt som kristne ved å døy ut som heidne. Når ormen Fåvne med runeteksten skriven inn på kroppen av seg vert drepne av Sigurd i Sigurdsristinga på Ramsundberget, skal dette oppfattast i samanheng med resten av biletet slik at Sigurd er ein heidning som drep dei heidne ledda i ætta for at ætta skal stå opp att og halde fram som ei kristen ætt. Meiningsinnhaldet i mykje annan kristen mellomalderkunst kan òg forklårast på tilsvarande vis.[1][2]

Fotnotar endre

  1. Hoftun 2002, side 46 og 85
  2. Hoftun 2008

Litteratur endre

  • Hoftun, Oddgeir (2004), Stavkirkene – og det norske middelaldersamfunnet, Copenhagen Valby: Borgen, ISBN 87-21-01977-0 
  • Hoftun, Oddgeir (2008), Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo: Solum forlag, ISBN 978-82-560-1619-8 
  • Soga om volsungane, omsett av Magnus Rindal. Oslo 1974: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-0300-6

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre