Sihltal

(Omdirigert frå Sihldalen)

Sihldalen eller Sihltal er ein dal som høyrer til regionen Zimmerberg-Sihltal i distriktet Horgen i kantonen Zürich i Sveits.

Sihldalen mot søraust med Adliswil, Langnau am Albis, Zimmerberg og Zürichsjøen sett frå Felsenegg (April 2010)

Sihl er ei 68 km lang elv i kantonane Schwyz (SZ) og Zürich (ZH). Dalen utgjer delar av distrikta distriktet Einsiedeln (øvre Sihldalen), Horgen (ZH) og Zürich.

Området langs Zürichsjøen er forma av den venstre morenen etter isbreane i istida, og leiet er i dag Zürichsjøen og Sihldalen. Sihldalen er skogkledd, men det finst òg oppdyrka område. Den nedre delen av dalen er tett folkesett. Sihltal er eit velkjent fritidsområde og populært for fot- og sykkelturar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

47°16′N 8°34′E / 47.267°N 8.567°E / 47.267; 8.567