Sikilbreen eller Sekkebreen er ein isbre i Breheimen i Skjåk kommune i Innlandet. Han har eit totalt areal på 24 km² som gjer breen til den 16. største i Noreg om ein ser bort frå Svalbard. Skilbreen er òg namnet på ein isbre som ligg like vest for denne breen, på grensa til Sogn og Fjordane.

Sikilbreen/Sekkebreen
isbre
Type Platåbre
Areal 28 km²
Toppunkt 1930 moh
Koordinatar 61°51′36″N 07°34′47″E / 61.86000°N 7.57972°E / 61.86000; 7.57972
Kart
Sikilbreen
61°51′36″N 7°34′47″E / 61.86°N 7.579722°E / 61.86; 7.579722

Det høgaste punktet på breen er 1930 meter over havet. Ein anna topp på breen ligg i aust og er 1774 meter over havet. Denne toppen har ein primærfaktor på 80 meter, og er den 531. høgaste fjelltoppen i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.