61°28′08″N 9°00′02″E / 61.4690°N 9.0005°E / 61.4690; 9.0005

Sikkilsdalen sett frå søraust frå fjellet Vangstulkampen.
Foto: Bjørn Christian Tørrissen

Sikkilsdalen er eit dalføre i Nord-Fron kommune i Innlandet fylke, i den austre delen av Jotunheimen, mellom Sjodalen og Heimdalen. Øvst i dalen er Sikkilsdalsvatna med avløpet Sikkilsdalsåa austover til elva Vinstra.

Ved austenden av Nedre Sikkilsdalsvatnet ligg Sikkilsdalsseter med turistkvarter. I nærleiken ligg Prinsehytta, som var skjenka til kronprins Olav av den svenske kronprinsen i 1924.

Sikkilsdalen er avgrensa i nord av Sikkilsdalshø (1778 moh.) og i sør av Heimdalshø (1843 moh.). Dalen har ein rik flora.

Namnet kjem truleg av norrønt Sikill, av sik, 'liten bekk'.

Kjelder endre

«Sikkilsdalen» i Store norske leksikon, snl.no.