Sjodalen er ein brei dal som startar i den austlege delen av Jotunheimen. Dalen har namnet frå Elva Sjoa som renn frå Gjende og nedover gjennom Øvre Sjodalsvatnet og Nedre Sjodalsvatnet. Slutten av dalen er mindre veldefinert der dalen heiter Sjodalen i Vågå kommune og Heidal i Sel kommune.

Dalen har fleire overnattingsstader, mellom anna Sjodalen Hyttetun og Camping, Randsverk camping, Hindsæter, Bessheim, Maurvangen og Gjendesheim.

HistorieEndra

Dalen var tradisjonelt brukt til seterdrift om sommaren. Området er unikt med omsyn til storleiken på setrane. Dette er delvis på grunn av den elles sjeldne tradisjonen med vintergardsbruk i området. I staden for å sende sommarfôret ned til garden tok ein i staden med dyra opp til fjellet. Dette var mogleg sidan det var relativt lite snø i området.

I dag er det framleis seterdrift, men den største aktiviteten er rundt turisme. Sjodalen er ein av hovudvegane for reisande på veg til Jotunheimen.

Den mest kjente attraksjonen er Ridderspranget der riddaren frå Valdres hoppa over elva Sjoa med brura han hadde kidnappa frå Sandbu-riddaren i Vågå.

GeografiEndra

I botnen av dalen og dalsidene er landskapet dominert av furu, og dette er den høgastliggande furuskogen i Noreg. Over furuskogen er det ei 150 meter brei bjørkesone før tregrensa.

Elva Sjoa er eit populært område for fiske, rafting og kajakkpadling.