Sildpollen
Sildpollen er ein fjordarm av Stefjorden og Tysfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 2,5 km nordover til munningen av Sildpollelva.
Sildpollen | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Narvik | ||
![]() Sildpollen | |||
Wikimedia Commons: Sildpollen (Tysfjord) | |||
Fjorden har innløp mellom Sildpollneset i vest og Blomhola i aust. Her ligg det gardsbruk på begge sider av fjorden, men innnover i fjorden er det folketomt. Dei nedre delane av fjordsidene er ikkje særskild bratt, men frå 200 meter og oppover stig fjella bratt opp til 800-900 meter over havet. Huglhornet på nordsida av fjorden er høgaste med 981 moh.