Stefjorden
fjord i Narvik i Nordland
68°12′26″N 16°27′13″E / 68.20722°N 16.45361°E
Stefjorden (lulesamisk Áhkávuodna) er ein fjordarm av Haukøyfjorden og Tysfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 10 km søraustover til Stefjordbotn.
Fjorden har innløp mellom Haukøya i sør og garden Solheim i nord. Like innanfor innløpet går Sildpollen nordover. Riksveg 827 går langs vestsida av fjorden inn til botn, men det er få busetnader ved fjorden. Bortsett frå Haukøya heilt ytst og Stefjordbotn heilt inst finn ein grenda Stefjordneset, men denne ligg på austsida av fjorden og har ikkje vegsamband.