Sildvik kraftverk

vannkraftverk i Narvik kommune, Nordland fylke, Noreg

Sildvik kraftverk er eit vasskraftverk ved Sildvik i Narvik kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar fallet på 620 meter frå magasinet Indre Sildvikvatnet ned til havnivå i Rombaken. Magasinet er oppdemt av ein 550 meter lang og 365 meter høg steinfyllingsdam og er regulert mellom 680 og 620 moh. I tillegg er det henta inn vatn frå Kjubbvatnet og mange små bekkeinntak. Nedslagsfeltet er på 100 km2.

Det er installert ein peltonturbin på 63 MW. Middels årsproduksjon er på 220 GWh.[1]

Eigar er Nordkraft som igjen er eigd av Narvik Energi.

Kjelder endre

  1. «Sildvik kraftverk». Nordkraft. Arkivert frå originalen 24. november 2016. Henta 18. mars 2017. 

68°24′31.36″N 17°48′3.85″E / 68.4087111°N 17.8010694°E / 68.4087111; 17.8010694