Silje Aker Johnsen
Silje Marie Aker Johnsen er ein norsk sopran som òg driv med samtidsdans. Ho kan ofte reknast som ein hybridutøvar innanfor scenekunst, i spennet mellom desse to felta.
Silje Aker Johnsen | |||
Fødd | 1982 (42 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Verka som | songar |
Aker Johnsen har dei siste åra vore aktiv innanfor samtidsmusikk og kontemporær scenekunst. Særleg har ho utmerka seg med å urframføra ei lang rekkje verk av norske samtidskomponistar, og fekk i 2013 Norsk komponistforening sin pris «Årets utøvar», der mellom anna denne eldhugen er nemnd som grunngjeving.[1] I 2017 vann ho igjen Norsk komponistforening sin pris «Årets utøvar», denne gongen som del av Ensemble Neon.[2]
Som eit av medlema i Ensemble Neon vart ho i 2017 òg tildelt Spellemannprisen for albumet Neon (2016).[3]
Aker Johnsen var i perioden 2014 til 2018 tilsett som stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ho arbeidde med å utvikla fusjonen mellom sang og samtidsdans vidare.[4] I 2019 tok ho doktorgrad med En søken etter en utvidet fysisk tolkning av vokal samtidsmusikk og av opera.[5][6]
Kjelder
endre- ↑ Komponistenes utøver, Ballade.no, henta 1. september 2017
- ↑ Årets utøver-pris til Ensemble neoN, Ballade.no, arkivert frå originalen 2. august 2018, henta 2018
- ↑ Arkiv, Spellemann.no, henta 1. september 2017
- ↑ Silje Aker Johnsen, Kunsthøgskolen i Oslo, arkivert frå originalen 26. august 2017, henta 1. september 2017
- ↑ Arts, Kunsthøgskolen i Oslo | Oslo National Academy of the, «Disputas: Silje Aker Johnsen - Kunsthøgskolen i Oslo», www.khio.no (på norsk bokmål), henta 29. august 2019
- ↑ «Moss: Silje Aker Johnsen», nyMusikk (på norsk), henta 29. august 2019