Silje Jørgensen

norsk fotballspelar

Silje Jørgensen (fødd 5. mai 1977) er ein norsk tidlegare fotballspelar, fødd i Kristiansand, som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney.

Silje Jørgensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1977 (46 år)
Kristiansand kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Jørgensen var midtstoppar i 43 landskampar i tida 1996-2001 og skåra to mål. Ho deltok både i Fotball-VM 1999 i USA, der Noreg tapte bronsefinalen mot Brasil etter straffesparktevling, og i Sommar-OL 2000. I OL-turneringa spelte ho heile OL-finalen då Noreg vann på «golden goal» mot USA.

I 1995-sesongen spelte Jørgensen på IL Haugar. Frå 1996 til 2001 var ho aktiv på toppserielaget Klepp IL, der etter spelte ho på høvesvis Austrått og Nærbø IL i lågare divisjonar.

Merittar endre

  • Olympisk meister: 2000

Kjelder endre