Silje Nes
norsk songar
Silje Nes (fødd 25. november 1980 i Leikanger) er ein norsk musikar og lydkunstnar som bur i Bergen og Berlin. Ho har bakgrunn frå klassisk piano, blåseinstrument og slagverk, og på albumet sitt «Ames Room» frå 2008 spelte ho sjølv alle instrument.[1]
Silje Nes | |||
Silje Nes. Fotograf JJ Zúñiga | |||
Fødd | 25. november 1980 (44 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Leikanger kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | elektronisk, folk | ||
Instrument | Piano, Gitar, Slagverk, Programmering | ||
Plateselskap | FatCat Records | ||
Verka som | songar, musikar, pianist |
Ho har gitt ut to album på britiske Fat Cat Records, og har også gitt ut eigen musikk på vinyl på eige selskap, Noko Ana.[2]
Silje Nes arbeider også som grafisk designar og har mellom anna vunne pris for design av boka om kunstnaren Kjartan Slettemark - Kunsten å falle, publisert av Skald forlag.[3][4]
- ↑ «Silje Nes | Biography & History | AllMusic». AllMusic. Henta 10. mai 2017.
- ↑ «NOKO ANA». www.nokoana.no. Henta 10. mai 2017.
- ↑ «Skald». Skald. Henta 10. mai 2017.
- ↑ «Kjartan Slettemark - Kunsten å falle», www.grafill.no (på norsk bokmål), henta 12. mars 2024