Silwad (arabisk سلواد, hebraisk skrift סילואד) er ein palestinsk by som ligg 12 kilometer nordaust for Ramallah, kring 5 km frå hovudvegen Nablus-Jerusalem. Silwad ligg 860 meter over havet. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 6 123 innbyggjarar i 2007.[1]

Silwad
سلواد
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°59′10″N 35°15′33″E / 31.98611°N 35.25917°E / 31.98611; 35.25917
Areal 18,8 km²
Folketal 6 123  (2006)
Folketettleik 326 / km²
Borgarmeister N/A
Kart
Silwad
31°59′10″N 35°15′33″E / 31.986111111111°N 35.259166666667°E / 31.986111111111; 35.259166666667
Wikimedia Commons: Silwad

Staden har middelhavsklima modererat av fjellandskapet. Vintrane er kalde og fuktige, og det kjem nokre dagar med snø kvart år. Årsmiddelnedbøren er på kring 750 millimeter. Somrane er tørre og milde.

Demografi endre

I folketeljinga i 1931 hadde Silwad 380 busette hus og eit folketal på 1631 muslimar og fire kristne.[2]

Kjelder endre

  1. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113.
  2. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 54. 

Bakgrunnsstoff endre