Aleksandr Kerenskij

russisk politikar

Aleksandr Fjodorovitsj Kerenskij (22. april 188111. juni 1970) var ein russisk politikar. Han var regjeringssjef frå månaden juli i den provisoriske regjeringa som formelt styrte Russland frå mars til november 1917.

Aleksandr Kerenskij

FøddАлександр Фёдорович Керенский
22. april 1881
Uljanovsk
Død11. juni 1970 (89 år)
Statsborgar avDen russiske republikk, Det russiske imperiet
PartiDet sosialistrevolusjonære partiet
Yrkepolitikar, advokat, revolusjonær
InstitusjonarStanford University
Utdanna vedjuridisk fakultet, Statsuniversitetet i St. Petersburg
FarFedor Kerensky
EktefelleLydia Tritton, Olga Kerensky
BarnOleg Kerenskij
Alle verv
  • Russlands statsminister (1917–1917)
  • medlem av Statsdumaen i Det russiske keiserrike
  • medlem av den grunnlovgivende forsamling Sjå dette på Wikidata

Kerenskij vart som Lenin fødd i byen Simbirsk. Far hans var lærar, og skal ha hatt Lenin som elev. Kerenskij studerte juss i St. Petersburg og forsvarte ofte revolusjonære i rettssalane. Han vart i 1912 vald inn i dumaen som representant for trudovikane, eit sosialistisk parti. Etter den russiske februarrevolusjonen i 1917 vart Kerenskij – no medlem i det Sosialist-Revolusjonære partiet (SR) – justisminister i den provisoriske regjeringa. Sidan vart han krigsminister, men offensiven han sette i gang for å få ein betre forhandlingsposisjon ved fredsforhandlingar med Tyskland vart ikkje vellykka. I juli overtok Kerenskij som regjeringssjef, noko han var til han vart styrta av bolsjevikane i oktober (etter gammal russisk tidsrekning).

Etter Oktoberrevolusjonen fór Kerenskij i eksil til Frankrike. Han gav ut fleire bøker om den russiske revolusjonen. Etter den tyske innmarsjen i Frankrike i 1940 flykta han til USA. Da Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen, tilbaud han Stalin hjelp med forsvaret, noko som for øvrig vart avslått.

Kerenskij forelas ved fleire amerikanske universitet, og gav ut bøker også medan han var i USA, mellom dei memoarane sine i 1965.

Den russisk-ortodokse kyrkja i New York nekta han ei kristeleg gravferd, da dei heldt han medansvarleg for den russiske revolusjonen. Derfor vart liket hans ført til London, der han ligg gravlagd på ein livssynsfri gravplass.

Verk endre

  • Allied policy towards Russia. - Nendeln: Kraus, 1975 (Nachdruck d. Ausg. London 1920)
  • The catastrophe. - Millwood, NY: Kraus, 1977 (Nachdruck d. Ausg. London 1927)
  • The crucification of liberty. - New York: Kraus, 1972 (Nachdruck d. Ausg. New York 1934)
  • Die Kerenski-Memoiren. - Reinbek: Rowohlt, 1989

Kjelde endre

Den tyskspråklege wikipediaen, artikkelen Alexander Fjodorowitsch Kerenski.