Simen Ivarsson Fliflet

Simen Ivarsson Fliflet (12. juni 17999. april 1861) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Fåberg i Oppland.

Simen Ivarsson Fliflet
Fødd 12. juni 1799
Død

9. april 1861 (61 år)

Yrke bonde, politikar

Fliflet var son av ein lensmann og gardbrukar på Smestad i Fåberg. Sjølv var han kontorist hos futen på Toten i tre år. Frå 1821 var gardbrukar på Hersaug i Ringsaker. Han var ordførar i Ringsaker 1839-43 og sidan medlem av heradsstyret 1853-57 og frå 1859. Også medlem av forlikskommisjonen i fleire år.

Han var 4. representant for Hedemarkens amtStortinget 1836 og på omframstortinget 1836-37. Medlem av næringskomiteen.

Fliflet døydde på garden sin i Ringsaker i 1861.

KjelderEndra