Simensbråtenlinja

Simensbråtenlinja var ei sidelinje på Ekebergbanen i Oslo, frå Jomfrubråten tvers over Ekebergsletta til Simensbråten. Linja vart driven frå 1931 til 1967.

Simensbråtenlinja
Trikken ved Simensbråten endeholdeplass
Foto: Oslo Museum
Info
Type Forstadsbane, tilkopla Ekebergbanen
Status Nedlagd
Utgangsstasjon Jomfrubråten holdeplass
Endestasjon Simensbråten holdeplass
Drift
Nedlagd 29. oktober 1967
Type trafikk Persontransport
Teknisk
Lengde 1.5 km
Simensbråtenlinja kryssar Ekebergvegen ved Smedstua gård - øvst til høgre, ved Smedstua holdeplass.

Simensbråtenlinja gjekk frå Jomfrubråten haldeplass via Ekebergparken haldeplass og Smedstua haldeplass fram til Simensbråten haldeplass: 5,9 km frå Stortorget, 146,7 meter over havet.[1] Dei første 200 meterane frå Jomfrubråten var dobbeltspora, resten av linja var enkeltspora. På endehaldeplassen Simensbråten var det vendesløyfe. Frå Jomfrubråten til endehaldeplassen var det ein høgdeskilnad på meir enn 30 meter, og banen hadde relativt skarp stigning i det første strekket opp frå Jomfrubråten til sjølve Ekebergsletta.

Simensbråtenlinja vart driven av ein pendelvogn, ein såkalla «kipp», mellom Jomfrubråten og Simensbråten. På Jomfrubråten var det omstigning til sjølve Ekebergbanen. I rushtidene køyrde likevel vognene heile strekket til og frå sentrum.

  • Ekebergparken haldeplass hadde skur, plattform og skiltsøyle. Stoppestaden hadde liten trafikk. Området var tynt folkesett, og for ein del passasjerar var det like greitt å gå ned til Jomfrubråten, der ein òg slapp omstigning.
  • Smedstua haldeplass låg der banen kryssa Ekebergvegen på Ekebergsletta, med plattform for trafikk frå byen vest for vegen, plattform for trafikk mot byen på austsida av vegen. Her var òg trafikkgrunnlaget tynt.
  • Simensbråten haldeplass hadde skur med kiosk, skiltsøyle og låg der dagens vårveien barnehage er bygd. Trafikkgrunnlaget til banen var i hovudsak knytt til denne stoppestaden, der befolkningsgrunnlaget var større.

Då Simensbråtenlinja vart bygd såg ein for seg at banen etter kvart skulle forlengast via Brattlikollen til Lambertseter. Banen er derfor òg kjend som «Ryenlinja». Det vart òg gjort større arbeid for å førebu Jomfrubråten som eit planfritt knutepunkt. Ein la Ekebergbanens nye hovudlinje høgare i terrenget, og sprengde ut ei skjæring i fjellet mellom Jomfrubråten og Sportsplassen. Tanken var at trafikken frå byen til Simensbråten skulle gå på ei linje langsmed og på nivå med Kongsvegen, og svinga inn under Ekebergbanen mot Simensbråten.[2]

Dei store planane for utviding av linja vart likevel aldri realiserte. Ekebergbanens sidelinje kom aldri lenger enn til Simensbråten. Områda Ryen, Brattlikollen og Lambertseter vart i staden knytt til byen via Lambertseterbanen over Manglerud, først trafikkert med sporvogn, seinare med T-bane.

Med eit avgrensa trafikkgrunnlag vart aldri Simensbråtenlinja nokon suksess. Kommunen måtte i mange år gje økonomisk stønad for å dekkja underskotet i drifta.

I 1967 vart Simensbråtenlinja nedlagd ved at ruta til bussen 18 vart utvida med ein haldeplass (bygd mellom Brannfjellvegen og Ekeberg skule), året etter at Lambertseterbanen vart opna som T-bane. Skinna frå Jomfrubråten til Simensbråten vart seinare fjerna, men per 2014 er det framleis restar etter ho i terrenget. Ved Jomfrubråten er skjæringa under linja framleis synleg, og det er bygt fleire rekkjehus på ei særeiga smal, langstrakt, bend tomt der linja gjekk. Austom rekkjehusa er parkeringsplassen over blant anna trikketraseen, der tilførslevegen til parkeringsplassen følgjer den gamle traeen. Over Ekebergsletta var gangvegen på nordsida av trikken tidlegare spor. Denne gangvegen har endra trasee noko som følgje av utvidinga av Ekeberg skule.

Linjekart endre

    Ekebergbanen
    Jomfrubråten 115,0 moh.
    Simensbråten 146,7 moh.
    Smedstua
    Ekebergparken
    Simensbråtenlinja (nedlagt 1967)
    Sportsplassen 107,0 moh.
    Ekebergbanen

Referansar endre

  1. Side 6, Bjørn Andersen: Ekebergbanen 75 år, Lokalhistorisk Forening 1992
  2. Side 18, Bjørn Andersen: Ekebergbanen 75 år, Lokalhistorisk Forening 1992