Simensbråten er eit strøk i bydel Nordstrand og namnet på grunnkrets 3503 i Oslo.[1] Området utgjer den nordlegaste delen av åsen som strekkjer seg frå Brattlikollen og nesten ned til blokkene Oslo Panorama. Simensbråten tilhøyrde i gammal tid Ryen. I vest grensar området til Lille Ekeberg.

Historie endre

 
Trikk på Simensbråten i 1967, siste dagen trikken gjekk her.

I tidlegare tider var Simensbråten nærast å rekna for eit hytteområde på landet. I dag er det stort sett villabusetnad med ymse innslag av småblokker. Det gjekk trikk på Simensbråtenlinja, ein sidebane av Ekebergbanen frå Jomfrubråten fram til Simensbråten haldeplass til 28. oktober 1967. Simensbråten er òg namn på busshaldeplassen like austom Ekeberg skule.

Våningshus og uthus på plassen Simensbråten vart selde og rivne i 2004. Simensbråten var tidlegare husmannsplass under Ryen gard, men han vart skild ut som eige bruk i 1845.

Tidlegare postkontor.

Inntil Oslo òg fekk postnummer så hadde adressene som høyrde til dåtidas Simensbråten postkontor postadresse Simensbråten og ikkje Oslo 6 eller Oslo 11 som dei omliggjande områda. Simensbråten postkontor låg opphavleg i Vårveien 12 før det vart flytta til nyare lokale i Olleveien 1.

Postkontoret vart på midten av 1990-talet føreslege nedlagt, men etter protestar vart det vedteke i bystyret 27. november 1996 (sak 773/96) at det ikkje skulle leggjast ned.[2]

I 1999 var det kroken på døra for Simensbråten postkontor. Etter 9 ran sidan 1971 avgjorde Posten å leggja ned kontoret av omsyn til tryggleiken for dei tilsette.[3]

Kultur endre

Simensbråten IL

Simensbråten IL vart stifta 24. januar 1933. Klubben er primært kjend for fotball, men har tidlegare òg drive med mellom anna friidrett og langrenn. Simensbråten stilte i 2014 eit seniorlag i 6. divisjon, og dessutan ein old boys-lag og eit veteranlag, begge i 2. divisjon. Både seniorlaget og veteranlaget rykte opp frå avdelingane sine, slik at seniorlaget i 2015 skal spela i 5. divisjon.

Kjende personar på Simensbråten var søskenparet Enok Abrahamson, som var lyrikar, og Birgit Abrahamson, som var målar.

Simensbråten har i dag ei eiga og aktiv velforening med nærare 300 medlemmar: Simensbråten vel.

Referansar endre

  1. «Kart over grunnkretser i hver enkelt bydel» (PDF). Oslo kommune. Arkivert frå originalen (PDF) 3. april 2015. Henta 3. april 2015. 
  2. «Fremtidig postkontorstruktur i Oslo». Oslo kommune, bystyret. Henta 3. april 2015. [daud lenkje]
  3. «Postkontor ranet igjen». VG. 7. juli 1999. Arkivert frå originalen 3. april 2015. Henta 3. april 2015. 

Bakgrunnsstoff endre