Sinjarfjella
Sinjarfjella (Jabal Sinjār, også Shingal- eller Shengalfjella) er ei fjellkjede som ligg i Øvre Mesopotamia, mellom Eufrat og Tigris. Den høgaste toppen i fjella er 1 356 moh.[1] Fjellkjeda har ei aust-vestleg retning og er rundt 100 km lang, medan den høgaste delen er rundt 75 km lang.
Sinjar Şengal | |||
fjellkjede | |||
Satellittbilete av Sinjarfjella
| |||
Land | Irak, Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ninive guvernement | ||
Stad | Shingal | ||
• høgd | 1 356 moh. | ||
- koordinatar | 36°22′0.22″N 41°43′18.62″E / 36.3667278°N 41.7218389°E | ||
Sinjarfjella 36°21′41″N 41°42′00″E / 36.36138889°N 41.7°E | |||
Kart som viser Sinjarfjella.
| |||
Wikimedia Commons: Sinjar Mountains |
Sinjarfjella ligg i regionen Kurdistan; hovuddelen er i Ninive guvernement i Irak, medan rundt 25 km ligg i syriske Al-Hasakah guvernement. Byen Sinjar eller Shingal ligg like sør for fjellkjeda.[2][3] Området nedanfor fjella blir kalla Sinjarsletta.
Kjelder
endre- ↑ «Sinjār Mountains», Encyclopaedica Britannica, britannica.com
- ↑ Edgell, H. S. 2006. Arabian Deserts: Nature, Origin, and Evolution. Springer, Dordrecht, Nederland. 592 s. ISBN 978-1-4020-3969-0
- ↑ Numan, N.M.S. og N.K. Al-Azzawi. 2002. Progressive Versus Paroxysmal Alpine Folding in Sinjar Anticline Northwestern Iraq. Iraqi Journal of Earth Science. vol. 2, no.2, s. 59-69.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sinjar Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2014.