Al-Hasakah guvernement
Al-Hasakah guvernement[a] er eit guvernement heilt nordaust i Syria. Det utmerker seg med frodige landområde, mykje vatn, vakker natur og mange hundre arkeologiske stader. Det utgjer ein del av regionen Al-Jazira.
Al Hasakah | |||
الحسكة | |||
guvernement | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Mintaqah | 4 | ||
Kommune | Al-Hasakah | ||
Areal | 23 334,0 km² | ||
Folketal | 1 512 000 (31. desember 2011)[1] | ||
Språk | arabisk, syrisk-arameisk, kurdarar, armensk | ||
Tidssone | EET | ||
ISO 3166-2 kode | SY-HA | ||
Al-Hasakah guvernement 36°31′N 40°53′E / 36.51°N 40.89°E | |||
Kart som viser Al-Hasakah guvernement.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Hasakah Governorate |
Demografi
endreInnbyggjarane i al-Hasakah guvernement består av forskjllige etniske og kulturelle grupper, og dei største er arabarar, assyrarar, kurdarar, og ein minoritet er armenarar.[2][3] Ei folketeljing i 2004 talte 1 275 118 i regionen, og i 2007 var talet estimert å vere 1 377 000, og i 2011 var talet 11 5121 000.
Namn | Arabisk | Folketal | Distrikt |
---|---|---|---|
Al-Hasakah | الحسكة | 188 160 | Al-Hasakah-distriktet |
Al-Qamishli | القامشلي | 184 231 | Qamishli-distriktet |
Ras al-Ayn | رأس العين | 29 347 | Ras al-Ayn-distriktet |
Amuda | عامودا | 26 821 | Qamishli-distriktet |
Al-Malikiyah | المالكية | 26 311 | Al-Malikiyah-distriktet |
Al-Qahtaniyah | القحطانية | 16 946 | Qamishli-distriktet |
Ash-Shaddadeh | الشدادة | 15 806 | Al-Hasakah-distriktet |
Al-Maabadah | المعبدة | 15 759 | Al-Malikiyah-distriktet |
Al-Sabaa wa Arbain | السبعة وأربعين | 14 177 | Al-Hasakah-distriktet |
al-Manajir | المناجير | 12 156 | Ras al-Ayn-distriktet |
Ad-Darbasiyah | الدرباسية | 8 551 | Ras al-Ayn-distriktet |
Tal Tamer | تل تمر | 7 285 | Al-Hasakah-distriktet |
al-Jawadiyah | الجوادية | 6 630 | Al-Malikiyah-distriktet |
Mabrouka | مبروكة | 6 325 | Ras al-Ayn-distriktet |
al-Yarobiyah | اليعربية | 6 066 | Al-Malikiyah-distriktet |
Tal-Safouk | تل صفوك | 5 781 | Al-Hasakah-distriktet |
Tal Hamis | تل حميس | 5 161 | Qamishli-distriktet |
al-Tweinah | التوينة | 5 062 | Al-Hasakah-distriktet |
al-Fadghami | الفدغمي | 5 062 | Al-Hasakah-distriktet |
Distrikt og underdistrikt
endreGuvernementet har fire distrikt (Mintaqa). Desse er vidare delt inn i 16 underdistrikt (nawahi):
Arkeologi
endreKhabur, som flyt 440 km gjennom al-Hasakah, var åstad for ein av dei tidlegaste sivilisasjonane i verda. Dei viktigaste arkeologiske stadane er:
- Hamoukar: av somme arkeologar rekna for å vere den eldste byen i verda.
- Tell Halaf: Utgravingar har vist fleire etterfølgjande siviliasajonar frå yngre steinalder med glasert keramikk og vakre skulpturar.
- Tell Brak: Ligg halvvegs mellom byen al-Hasakah og grensebyen al-Qamishli. Utgravingar av Uyun-tempelet og slottet til kong Naram-Sin.
- Tell el Fakhariya
- Tell Hittin: 15 lag av busetader er funne her.
- Tell Leilan: Utgravingane byrja i 1975 og har funne mange lekamar og bygningar som er daterte til 5000-talet fvt, som basarar, tempel og palass.
Merknader
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al-Hasakah Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.cbssyr.sy/yearbook/2011/Data-Chapter2/TAB-3-2-2011.htm; arkiveringsdato: 3. mars 2016; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20160303221907/http://www.cbssyr.sy/yearbook/2011/Data-Chapter2/TAB-3-2-2011.htm.
- ↑ Syria - Sunniane
- ↑ Syria (05/07)