Sinkitt eller raudsinkerts er eit oransjefarga til djupraudt mineral. Det er eit naturleg sinkoksid, ZnO. Fargen kjem av eit mindre innhald av mangan. Kunstig framstilt sinkoksid er fargelaust. Krystallstrukturen er heksagonal. Mineralet er særleg kjent frå New Jersey i USA.

Det er observert mikroskopisk i kontaktsonane i Oslofeltet.

Kjelder

endre