Sir Abu Nu’ayr
Sir Abu Nu’ayr (arabisk أبو صير نعير, òg skrive Sir Abu Neir, Sir Bu Nair eller Sir Bu Nuair) er ei øy i Persiabukta. Ho ligg 65 km[2] utafor kysten av Dei sameinte arabiske emirata, kring 80 km nord for Abu Dhabi, og 103 km vest for Dubai. Ho høyrer til emiratet Sharjah.[3][4][5]
Sir Abu Nu’ayr | |||
arabisk أبو صير نعير | |||
øy | |||
Bilete frå Den internasjonale romstasjonen
| |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Emirat | Sharjah | ||
Stad | Persiabukta | ||
• høgd | 81 moh. [1] | ||
- koordinatar | 25°13′N 54°13′E / 25.217°N 54.217°E | ||
Lengd | 4,25 km [1] | ||
Sir Abu Nu’ayr 25°13′54″N 54°13′20″E / 25.231666666667°N 54.222222222222°E | |||
Kart som viser Sir Abu Nu’ayr.
| |||
Wikimedia Commons: Sir Abu Nu'ayr |
Sir Abu Nu’ayr er nesten heilt rundt med ein diameter på fire kilometer, og ei 1 km lang forlenging i søraust, slik at ho har form som ein drope.[6]
Øya har ei lita hamn og ein flyplass.[7] Begge ligg søraust på øya.
Crescent Petroleum har konsesjon på oljeboring i Sir Abu Nu’ayr-området.[8] Nordaust for øya ligg Fateh-feltet, i nord Sirriøya i Iran og i vest rike olje- og gassfelt som høyrer til Abu Dhabi.
Øya er eit verneområde[9][10] og har blitt registrert på lista over våtmarksområde som er internasjonalt viktige under Ramsarkonvensjonen,[11][12] og vart i 2012 oppført som ein potensiell verdsarvstad av UNESCO.[13]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sir Abu Nu’ayr» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Vegetation of Offshore Islands in the Gulf». Enhg3.4t.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «Mega Projects That will Shape Emirates Future». MoneyShow.com. 9. oktober 2013. Arkivert frå originalen 2. februar 2014. Henta 6. juni 2016.
- ↑ Peter Hellyer; Simon Aspinall; Environment Agency -- Abu Dhabi (January 2005). The Emirates: a natural history. Trident Press. ISBN 978-1-905486-02-1.
- ↑ Oxford Business Group (2008). The Report: Sharjah 2008. Oxford Business Group. s. 10–. ISBN 978-1-902339-02-3.
- ↑ «Welcome to». Buzzdubai.com. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «Wildlife paradise on Sir Bu Nair island | The National». Thenational.ae. 23. mai 2011. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | ICAO, IATA codes, location of airports of Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | latitude, longtitude airports of Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | coordinates of airports of Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | International codes and coordinates of all airports in the world | International codes and coordinates of all airports in Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE)». Airportsbase.org. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «Sir Abu Nu'ayr Concession | Select Projects | Crescent Petroleum». Crescent.ae. Arkivert frå originalen 28. februar 2014. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «Business - Shurooq unveils Sir Bu Nuair Island project». Khaleejtimes.com. 8. mai 2013. Arkivert frå originalen 1. februar 2014. Henta 6. juni 2016.
- ↑ Zabara, Manar (5. april 2001). «Oil slick threatens protected island near Sharjah | GulfNews.com». M.gulfnews.com. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «Sir Bu Nuair Island registered as international wetland». GulfNews.com. 20. desember 2013. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «Sharjah’s Sir Bu Nair Island added to global list of protected areas | The National». Thenational.ae. 18. desember 2013. Henta 6. juni 2016.
- ↑ UNESCO World Heritage Centre (30. januar 2012). «Sir Bu Nair Island - UNESCO World Heritage Centre». Whc.unesco.org. Henta 6. juni 2016.