Ei sirene er eit apparat til å skape kraftige tonar, som regel brukt for å alarmere, til dømes luftvernssirener eller sirener på utrykkingskøyretøy som ambulansar, politibilar eller brannbilar.

Sirene frå 1985

Det finst fleire typar sirener. Ein av dei første vart funne opp av Cagniard de Latour i 1819, og består av eit blåserøyr for luft og føre opninga av dette ei skive med hol. Når skiva roterer, blir blåserøret vekselvis lukka og opna slik at den utstrøymande lufta kjem støytvis og med det skapar fortettingar og fortynningar i lufta omkring, det vil seie lyd. Ein meir brukt og sterkare sirene består av ei vifte med vinkelskovler som roterer inne i eit sirenehus med like mange opningar som vinkelskovler.

Nemninga blir òg brukt om kraftige lydgjevarar der ein metallmembran blir sett i svingingar av ein vekselstraumselektromagnet eller trykkluft, ein såkalla tyfon.

Sirener er òg nytta som musikkinstrument, som i Edgard Varese sine verk Hyperprism (1924), Ionisation (1931) og Poème électronique (1958).

Kjelder endre