Edgard Varèse

fransk komponist
(Omdirigert frå Edgard Varese)

Edgard Victor Achille Charles Varèse (22. november 18836. november 1965) ofte kjend som Edgar Varése, var ein fransk-amerikansk moderne komponist. Han etterlét seg eit mindre verk (til saman rundt tre timar), men er blitt rekna blant dei viktigaste komponistane frå 1900-talet, og er blitt rekna som ein opphavsmann til elektronisk musikk.

Edgard Varèse

Fødd22. desember 1883
FødestadParis
Død6. november 1965 (81 år)
DødsstadNew York by
OpphavFrankrike
Sjangeropera, klassisk musikk
Verka somkomponist, musikkforskar, dirigent
Gift medLouise Varèse

Varèse sin musikk vektlegg rytme og klangfarge. Han tok for alvor i bruk støylydar og gav dei ei sentral plassering i verka sine. På denne måten førebudde han bruken av dei nye elektroniske instrumenta i den klassiske musikken. Varese såg på musikk som organisert lyd, der alle lydar kunne nyttast i komposisjonsprosessen. Rytmikken blei det viktigaste elementet i musikken, og slagverksfamilien har ein sentral plass. Dette kjem særleg fram i det mest kjente verket hans, Ionisation (1931). Orkesteret han nyttar i denne komposisjonen, består av 13 musikarar som alle spelar ulike slagverksinstrument, til saman 37 instrument, i tillegg til to sirener.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Edgard Varèse
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Edgard Varèse