Opna hovudmenyen
MAN stigebil i Berlin i Tyskland.

Brannbil er eit køyretøy, ofte ein lastebil, utstyrt for å sløkkja brann. Det finst mange ulike typar. Byar og tettstadar har som oftast eigne brannstasjonar, med eigne brannbilar. Flyplassar har òg eigne brannbilar, som er reie til å rykkja ut ved naudlandingar, eller andre høve der det er fare for brann.

Innhaldsliste

Ulike typar brannbilarEndra

StigebilEndra

Stigebil er ein brannbil utstyrt med ei roterande plattform med ein teleskopisk stige, som vert nytta for å redda folk ned frå taket eller ut gjennom vindauge i brennande bygningar. Dei vert òg nytta for at brannfolka skal koma til å sløkkja høgt oppe på bygningar.

SprøytebilEndra

 
Ein slovensk sprøytebil.

Ein sprøytebil, elle pumpebil, er ein brannbil utstyrt med ei kraftig vasspumpe, som vert nytta for å sprøyta vatn på brennande bygningar, skog, kratt og andre ting som brenn.

PulverbilEndra

Ein pulverbil er ein brannbil utstyrt med ein pulvertank og pulversprøyte, nytta for å sløkka brann i brennbare vesker, som bensin og dieselolje. Dei vert òg nytta for å sløkkja brann i motorkøyretøy.

MannskapsbilEndra

Ein mannskapsbil er ein brannbil som vert nytta for å transportera brannmannskap og utstyret deira til/frå ein brann. Slike bilar kan vera alt frå minibussar til større bussar.

KommandobilEndra

Ein kommandobil er eit køyretøy nytta av den som har kommandoen under ein brann. Dette kan vera ein ombygd personbil eller SUV.