Siri A. Meling
norsk politikar
Siri Annette Haataja Meling (fødd 8. februar 1963 i Stavanger) er ein norsk politikar frå Høgre. Ho var vald inn på Stortinget frå Rogaland 2001–2005, 1. vararepresentant 2005–2009, og er igjen fast innvald frå 2009. Ho var medlem av Rogaland fylkesting 1999–2003, og av fylkesutvalet 1999–2001. Meling var dessutan leiar i Rogaland Høgre 2007–2010.
Siri A. Meling | |||
| |||
Fødd | 8. februar 1963 (61 år) Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, embetsperson, offentleg tenestemann | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Alle verv |
|
Ho er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen BI frå 1992. Ho var næringssjef i Dalane 1992–1997, nestleiar i Fonn Egersund AS 1997–2001, og regiondirektør i Fiskeridirektoratet 2006–2009.
Stortingskomitear
endre- 2001–2005 medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2001–2005 medlem i Valkomiteen
- 2001–2005 medlem i Fullmaktskomiteen
- 2001–2005 varamedlem i Den utvida utanrikskomiteen
- 2009–2013 medlem i Energi- og miljøkomiteen