Opna hovudmenyen

Siri Dokken (fødd 5. juli 1966 i Bærum) er ein norsk avisteiknar og illustratør.

Siri Dokken
Mars 2013 005.JPG
Fødd 5. juli 1966
Bærum
Yrke illustratør, professor, teikneserieskapar

Siri Dokken er utdanna ved SHKS og har arbeidd som illustratør for bokforlag og reklamebyrå sidan 1991. I 1994 gav ho ut teikneserien Kongens menn saman med tekstforfattaren Baard Enoksen. Ho var avisteiknar i vekeavisa Dag og Tid i 1994, men har sidan 1995 teikna fast for Dagsavisen. Teiknestilen hennar er kjenneteikna av ein flytande, sikker pennestrek.

I 1994 fekk Dokken og Baard Enoksen Sproing-prisen for teikneserien Kongens Mann. I 2005 mottok Siri Dokken den prestisjetunge EWK-prisen for avisteikningane sine. Prisen blir delt ut av det svenske EWK-sällskapet og er oppkalla etter avisteiknaren Ewert Karlsson (1918-2004). Saman med Kari Tinnen vann ho Kultur- og kirkedepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2010, for Ulla hit og dit. I 2011 vann ho prisen for Årets avistegning for teikningen «Folkekongen», som blei presentert i Dagsavisen 17. oktober 2009.[1]

KjelderEndra

  1. «Siri Dokken i Dagsavisen vant årets avistegning». Norsk Redaktørforening. 12. september 2011. Henta 10. mars 2012. 

BakgrunnsstoffEndra