Sirona (namnet er blitt tolka som 'guddommeleg stjerne'), truleg den same som Dirona og Divona, var ei gudinne dyrka av keltarar i fastlandseuropa frå Ungarn til Bretagne. Ho blei sett i samband med heilage kjelder og kunne lækja og gje grøde.

Sirona og Apollon

Sirona blei avbilda åleine eller saman med Apollo Grannus. Statuar av henne kan til dømes vera saman med ein hund, ein slange, egg, korn, druer og anna frukt.

Sirona-funn avmerkte på europakartet.

Sirona blei særleg dyrkar av treveriane i Moseldalen. Det er mellom anna gjort funn som har med Sirona å gjera mellom anna i Hochscheid mellom Mainz og Trier, i Sainte-Fontaine nær Freyming, og i Mainz.

Gudinna blei erstatta med Borvo, som er omtalt som sonen hennar, i fleire stader av den keltiske verda.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre