Ronglan
63°39′53″N 11°6′45″E / 63.66472°N 11.11250°E Ronglan er ei bygd i Levanger kommune i Trøndelag, fem kilometer sørvest for tettstaden Skogn. Nordlandsbanen går gjennom bygda, som er knytt til lokaltoga gjennom Ronglan stasjon, opna i 1902. Fylkesveg 112 går frå Ronglan vestover til Ekne, ei strekning på til saman 6,5 kilometer. Fylkesveg 111 passerer gjennom Ronglan i hovudretning nord-sør. E6 er lagt utanom Ronglan og passerer bygda på vestsida.
På Tuv oppvekstsenter på Ronglan er både barnehage og barneskule. Ved Holtås, aust for sjølve Ronglan, ligg eit helleristningsfelt som vart oppdaga i 1962.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ronglan» frå Wikipedia på bokmål, den 27. august 2013.