Siv Ellen Kraft (fødd 28. august 1967) er ein norsk religionshistorikar og spesialist på nyreligiøsitet og samtidsreligion. Ho er professor ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø

Siv Ellen Kraft
Fødd28. august 1967
NasjonalitetNoreg
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materUniversitetet i Bergen

Siv Ellen Kraft tok i 1993 hovudfag i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen om Teosofisk Samfunn i Norge. En samtidssanalyse. Ho var frå 1995 til 1998 doktorgradsstipendiat og disputerte i oktober 1999 med avhandlinga The Sex Problem. Political Aspects of Gender Discourse in the Theosophical Society, 1875 - 1930. Frå februar 1999 til desember 2000 var ho førstelektor ved seksjon for religionsvitskap i Bergen, og vart frå januar 2001 tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Ho fekk opprykk til som professor frå 2011.[1]

Saman med Bjørn Ola Tafjord var ho ansvarleg redaktør for DIN Tidsskrift for religion og kultur.[2]

Ho var i 2011 fagleg leiar for forskarskulen CEPIN.

Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (2020).

Kjelder endre

  1. uit.no Biografiside ved Universitetet i Tromsø[daud lenkje]
  2. DIN Tidsskrift for religion og kultur, arkivert frå originalen 5. januar 2012, henta 2. april 2017 

Bakgrunnsstoff endre