Elisabeth Hilmo Meyer (fødd 29. november 1976) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Selbu som i perioden 1998-2004 vann to EM-gull, VM-gull og VM-sølv, EM-sølv og OL-bronse. Linjespelaren hadde særleg sin styrke i forsvarsspelet.

Elisabeth Hilmo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. november 1976 (47 år)
Trondheim
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Hilmo spelte på Selbu IL til laget rykte ned frå toppserien i 2001. Sesongen 2001/02 var ho Byåsen-spelar, men då Selbu kom tilbake i toppserien i 2002, vart det det to nye år i Selbu-drakta for Hilmo. Etter nytt Selbu-nedrykk gjekk turen i 2004 til noregseinaren Larvik HK. Med Larvik vart ho seriemeister 2005, 2006 og 2007.

Hilmo spelte sin fyrste landskamp 1. juni 1998 og meisterskaps-debuterte med å verte europameister då Noreg vann 24-16 over Danmark i EM-finalen 1998. Året etter vart ho verdsmeister då Noreg etter ekstraomgangar slo Frankrike 25-24 i VM-finalenLillehammer. Ho var også med i troppen som under Sommar-OL 2000 i Sydney sikra Noreg bronse, men måtte finne seg i å sjå den jamne bronsekampen mot Sør-Korea frå tribuneplass. Frå handball-VM 2001 i Italia og EM 2002 i Danmark reiste ho heim med sølvmedalje, etter finaletap mot høvesvis Russland og vertslandet Danmark. To år etter EM-tapet mot Danmark møttest dei same to landslaga til ny EM-finale i Budapest, der Hilmo og Noreg vart europameistrar etter ein ein tomålstriumf. Eit for Noreg svakt VM i Moskva hausten 2005 vart Hilmo sin avskjed med landslagshandballen, etter spelte 180 landskampar og 282 mål.

Hilmo la opp då ho var gravid i desember 2007.

Merittar endre

Kjelder endre