Sivert Aasen

norsk prest og stortingsrepresentant

Sivert Lauritz Aasen (16. februar 18588. mai 1928) var ein norsk prest og stortingsmann frå Volda.

Sivert Aasen
Fødd16. februar 1858
Volda
Død8. mai 1928 (70 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar

Aasen var frå garden Hjorthaugåsen i Volda, faren var gardbrukar. Sjølv gjekk han Volden lærerskole, der han tok eksamen 1876. Året etter gjekk han ut frå Asker seminar, og var eit år huslærar hos Nils J. Gregersen i Volda. Frå 1878 var han i tre år lærar på Hokksund folkeskule. Han vart student i 1883 og cand. theol. i 1889. Frå teologistudiet barst det rett i teneste som sokneprest i Måsøy i Finnmark. Her var han også ordførar 1892-1901 og formann i skulestyret. Frå sommaren 1902 og til han døydde var han sokneprest i Buksnes i Nordland. Også her var han ordførar, frå 1904, og skulestyreformann.

Aasen møtte på Stortinget frå 13. mars 1897, som 2. varamann frå Finnmark. Han var medlem av Lagtinget og næringskomite nr. 2. Perioden 1900-03 var han 1. representant frå Finnmark på Stortinget, sat i protokollkomiteen. Han var medlem av Høgre.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914