Måsøy kommune
kommune i Finnmark fylke i Noreg
(Omdirigert frå Måsøy)
Måsøy (nordsamisk Muosátsullo gielda, kvensk Moseijan komuuni) er ein kystkommune som ligg nord i Finnmark fylke, og han ligg på vest-grensa til Nordkapp kommune. Kommunen grensar også til Porsanger, Alta, og Hammerfest.
Måsøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Havøysund | ||
Areal | 1 135,83 km² | ||
• land | 1 068,77 km² | ||
• vatn | 67,06 km² | ||
Folketal | 1 113 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Ingrid Majala (Bygdelista) | ||
Kommunenr. | 5618 | ||
Måsøy kommune 70°45′03″N 24°47′07″E / 70.750719444444°N 24.785161111111°E | |||
Kart som viser Måsøy kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Måsøy | |||
Nettstad: www.masoy.kommune.no |
Langbølgjesendaren Ingøy kringkastar, som blei bygd i 2000, ligg på Ingøy i kommunen. Med ei høgd på 362 meter er radiomasta den høgaste menneskeskapte konstruksjonen i Noreg.[1]
Tettstad i kommunen
endre- Havøysund - 915 innbyggjarar per 1. januar 2023
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for Måsøy kommune frå 1920:
1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2258ab | 2433ab | 2576ab | 2830ab | 3174ab | 2887a | 2572a | 1819 | 1469 | 1267 |
- a Dette talet omfattar Gjesvær og delar av Magerøya, som vart overført frå Måsøy kommune til Nordkapp kommune i 1984. Desse områda hadde då 240 innbyggjarar.
- b Dette talet omfattar eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Kvalsund kommune i 1963. Dette området hadde då 34 innbyggjarar.
Kjende folk frå Måsøy
endre- Magnus Brostrup Landstad (1802-1880), prest og salmediktar
- Johannes Olsen (1895-1974), fiskar og politikar
- Selmer Nilsen (1932-1991), fiskar og spion
- Oddvar J. Majala (f. 1932), fiskar og politikar
- Markus Svendsen (f. 1941), skirennar
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ NRK Ingøy (153 kHz) ved dxing.info. Vitja 22. mai 2020
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Måsøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå