Siw Anita Andersen

norsk skodespelar

Siw Anita Andersen (fødd 27. april 1966) er ein norsk skodespelar og komikar som har gjort seg merka både på scene og TV. Ho har særleg gjort seg merka på revyscena, men vert òg hugsa frå rolla som Målfrid i komiserien Mot i brøstet (1990-talet) og for karakteren Synne i fleire tv-seriar.

Siw Anita Andersen
Fødd27. april 1966 (57 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, komikar, revyartist
PrisarLeif Justers ærespris, Komiprisen 2002

Scene endre

Andersen er frå Oslo. Ho starta skodespelarkarrieren i 1987 i revygruppa Lompelandslaget. På Chat Noir har ho blant anna vore med i revyen Dames aften med guttene på slep (1999). I 2000 vart ho tilsett ved Oslo Nye Teater der ho dei første åra medverka i stykke som Båtpuss (2000), Jul i Blåfjell (2003–06) og Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe (2004). I 2004 var ho sentral i oppsetninga The Smuget Show på Smuget i Oslo (saman med Bjarte Hjelmeland, Trond Hanssen, Håvard Lilleheie og Pernille Sørensen), og i 2005 i den komiske revyen Kveiteprinsen saman med Åsleik Engmark og Teodor Janson.[1] I 2019 deltok ho i Julegøy.[2]

Ho har òg delteke i revyar og kabaretar med gruppa Lattergalen. Ho har òg medverka i farsarChateau Neuf og ABC-teateret og dessutan i ei rekkje av førestillingane om Kaptein Sabeltann i Kristiansand Dyrepark. I Sabeltann-førestillingane har ho spelt både Tante Bassa, Miriam av Gral, Francine Michelin og Malena Pirat.

TV og film endre

På TV vert Andersen spesielt hugsa frå rolla som Målfrid komiserien Mot i brøstet som gjekk på TV 2 på 1990-talet. Dette var serien som gjorde henne kjend for det breie publikum i Noreg. Ho har sidan gjort seg merka i Nissene på låven (2001), Etaten (2006), Jubalong (2006–2008), Lille Nøtteaften (2008), Nissene over skog og hei (2011) og Nissene i bingen (2021). Ho har spelt sørlands-karakteren Synne i fleire av desse seriane.

Ho har hatt få filmoppdrag, men hadde ei lita birolle i komedien Showbiz - eller hvordan bli kjendis på en-to-tre! (1989) og i eventyrfilmen Kvitebjørn Kong Valemon (1991). I tillegg har ho sett norsk stemme til fleire amerikanske animasjonsfilmar, blant anna til ein sentral figur i animasjonsfilmen Oppdrag Nemo (2004) og til hovudfiguren i Oppdrag Dory (2016).[3]

Prisar endre

TV-opptredenar endre

  • 1994–1997 Mot i brøstet .... Målfrid
  • 1999 Tusenårsfesten ... Målfrid (spesialepisode med karakterane frå Mot i brøstet og Karl & Co som hadde premiere på video)
  • 2001 Sushi ... Fleire roller
  • 2001 Nissene på låven ... Synne
  • 2002 På klozz hold ...
  • 2006 Etaten ...Berit
  • 2006 Jul i Tøyengata ... Iram
  • 2006–2008 Jubalong ... Mette
  • 2008 Lille Nøtteaften ... Synne
  • 2011 Nissene over skog og hei ... Synne
  • 2021 Nissene i bingen ... Synne

På scena endre

Ved Oslo Nye Teater
  • 2000 Båtpuss
  • 2002 Karlsson på taket
  • 2002 Den syngende Frøken Detektiv
  • 2003 Kvinnen som giftet seg med en kalkun
  • 2004 Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe
  • 2003–2006 Jul i Blåfjell
  • 2008 Singin' In The Rain
  • 2009 Les Misérables
Kaptein Sabeltann
  • 2004-2006, 2010 og 2013 Kaptein Sabeltann og grusomme Gabriels skatt
  • 2007-2009 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya
  • 2011-2012 Kaptein Sabeltann og havets hemmelighet
  • 2014-2015 Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant

Kjelder endre

  1. Dagbladet: Vann-vittig moro
  2. Fossheim, Irene Bratteng (29. april 2019). «Kevin Vågenes klar for runde to med suksessen 'Julegøy'» (på norsk). Henta 6. august 2021. 
  3. «Siw Anita Andersen». Henta 6. august 2021. 
  4. NRK: Komiprisvinnerne 2002

Bakgrunnsstoff endre