Sixpenny Handley
Sixpenny Handley (uttalt /ˈsɪkspəni ˈhændli/) eller Handley er ein landsby og tidlegare eit civil parish nordaust i Dorset i England. Han er no del av parishet Sixpenny Handley and Pentridge. Han ligg på kalsteinsplatået Cranborne Chase 16 km nordaust for Blandford Forum. Ved folketeljinga i 2011 hadde parishet eit folketal på 1 233. Civil parishet blei avskaffa 1. april 2015 då det blei slått saman med Pentridge til Sixpenny Handley and Pentridge.[1]
Sixpenny Handley | |||
landsby | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Fylke | Dorset | ||
Kommune | Sixpenny Handley and Pentridge | ||
Sixpenny Handley 50°57′17″N 2°00′26″W / 50.9548°N 2.0073°W | |||
Wikimedia Commons: Sixpenny Handley |
Namn
endreLandsbyen var opphavleg kjend som Handley,[2] eller Handley St Mary.[3] Bruken av namnet Sixpenny Handley om landsbyen og soknet er relativt ny,[4] og er kjend frå midten av 1800-talet.[5]
Namnet Handley er avleidd frå gammalengelsk hēan, 'høg' og lēage, 'lysning'. Sixpenny blei lagt til for å skilja staden frå andre med namnet Handley, og viser til Sixpenny Handley Hundred, eit herad eller hundred fyrst nemnd på 1300-talet som Sexpenne et Henle. Heradet hadde namn etter Handley og ein stad kalla Sixpenny, no ein gard, sørvest i soknet Fontmell Magna.[6] Sixpenny blei fyrst skrive ned i 932 som Seaxpenn, og tyder 'saksaråsen' (frå gammalengelsk Seaxe og brythonsk penn). Åsen det er vist til er no kjend som Pen Hill og ligg aust for den moderne garden. Han var truleg ein gammal grensemarkør.[7]
Historie
endrePå Woodcutts Common nord i soknet (vest-nordvest for landsbyen) ligg ein 4 acre stor romano-britisk funnstad frå jernalderen, truleg ein gard. Han blei groven ut av general Pitt Rivers i tida 1884–5.[8]
Den store brannen i 1892
endre20. mai 1892 brann store delar av landsbyen. Nesten to hundre menneske blei huslause, og det meste av landsbyen måtte byggast opp att. Velgjerarar sende gåver for å hjelpa landsbybuarane, og det blei gjeve så mange klede at det blei sagt ein kunne kjenna att ein mann frå Handley fordi han hadde på seg to-tre vestar.[9] Gåvmilda blei feira i 2014 med den Heritage Lottery–støtta Sixpenny Handley Waistcoat Festival.[10][11]
Religion
endreSoknekyrkja St Mary stammar frå 1300-talet. Ho er verna med Grade II*.[12] St Marys høyrer til Church of England Church. Kyrkjegarden blir driven avChurchyards project.[13][14]
Utdanning
endreHandley har ein barneskule som huser elevar frå førskule til fjerde klasse. Deretter går barna vanlegvis til Cranborne Middle School og så Queen Elizabeth's School i Wimborne Minster.
Kjelder
endre- ↑ «The East Dorset (Reorganisation of Community Governance) Order 2015» (PDF). Lgbce. Arkivert frå originalen (PDF) 15. oktober 2017. Henta 10 March 2018.
- ↑ Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments and Constructions of England, (1975), An Inventory of Historical Monuments in the County of Dorset: East, page 64
- ↑ William White, (1879), Notes and queries: Volume 59, page 99.
- ↑ Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments and Constructions of England, (1975), An Inventory of Historical Monuments in the County of Dorset: East, page 64
- ↑ William White, (1879), Notes and queries: Volume 59, page 99.
- ↑ at 50°57′05″N 2°13′26″W / 50.9514°N 2.2238°W
- ↑ Watts, Victor, red. (2010), «Handley», The Cambridge Dictionary of English Place-Names, Cambridge University Press, ISBN 9780521168557
- ↑ «'Sixpenny Handley', An Inventory of the Historical Monuments in Dorset, Volume 5: East (1975), pp. 64–72». British History Online. University of London & History of Parliament Trust. November 2013. Henta 3 April 2014.
- ↑ Roland Gant (1980). Dorset Villages. Robert Hale Ltd. s. 28. ISBN 0-7091-8135-3.
- ↑ http://sixpennyhandley.com/why-waistcoats
- ↑ http://sixpennyhandley.info/sixpenny-handley-history
- ↑ «Church of St Mary, High Street», Heritage Gateway (English Heritage), henta 2 October 2010
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 25. oktober 2021, henta 25. oktober 2021
- ↑ https://www.theguardian.com/environment/2013/mar/04/sixpenny-handley-dorset-wild-churchyard
- Denne artikkelen bygger på «Sixpenny Handley» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2021.