Sixten Jernberg
Edy Sixten Jernberg (6. februar 1929–14. juli 2012) var ein svensk langrennsløpar. Han var ein av Sveriges mestvinnande langrennnarar gjennom alle tider, med ni OL-medaljar og seks VM-medaljar. Mellom 1956 og 1964 vann han eitt individuelt gull i kvar av dei tre olympiske vinterleikane og to ski-verdsmeisterskapane som vart arrangert. Fire gull kom på femmila, medan han i 1960 under vinter-OL i Squaw Valley vann 30-kilometeren. Dessutan var han med på dei svenske stafettlaga som vann VM-gull 1962 og OL-gull 1964.
Sixten Jernberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 6. februar 1929 Lima församling |
Død | 14. juli 2012 (83 år) Lima-Transtrands församling |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 1954, 1955 Vasaloppet, Langrenn under Vinter-OL 1956 – 15 kilometer menn, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 50 kilometres, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 1956 Winter Olympics – men's 30 kilometres, Ski-VM 1958, cross-country skiing at the 1960 Winter Olympics – men's 15 kilometre, cross-country skiing at the 1960 Winter Olympics – men's 30 kilometre, 1960 Vasaloppet, Ski-VM 1962, cross-country skiing at the 1964 Winter Olympics |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Karriere
endreJernberg var frå Lima i Malungs kommune i Dalarna og var heile si tid som aktiv medlem av Lima IF. Han vann femten individuelle gull under svenske meisterskap, og var med å sikre idrettslaget frå heimstaden fem SM-gull i 3x10 km stafett. Han døydde i Mora.
Medaljar i internasjonale meisterskap
endre- Ski-VM 1954 i Falun: Bronsemedalje på 4 x 10 km stafett
- Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo: Gullmedalje på 50 km, sølvmedalje både på 15 km og 30 km, bronsemedalje på stafetten
- Ski-VM 1958 i Lahti: Gullmedalje på 50 km og stafetten, bronse på 30 km
- Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: Gullmedalje på 30 km, sølvmedalje på 15 km
- Ski-VM 1962 i Zakopane: Gullmedalje på 50 km og på stafetten
- Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Gullmedalje på 50 km og på stafetten, bronsemedalje på 15 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap
endre- 1955: 15 km og 50 km
- 1956: 15 km, 50 km og 3x10 km stafett
- 1957: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett
- 1958: 15 km
- 1959: 15 km og 3x10 km stafett
- 1960: 15 km, 30 km, 50 km og 3x10 km stafett
- 1961: 15 km, 30 km og 50 km
- 1964: 3x10 km stafett
Jernberg vann Vasaloppet i 1955 og 1960. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1956 og Holmenkollmedaljen i 1960.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sixten Jernberg» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Sixten Jernberg i olympedia.org