Frå Tjejvasa-starten i 2006

Vasaloppet er verdas eldste og største turrenn i langrenn. Det blir halde den første søndagen i mars kvart år, og går frå Sälen til Mora i Dalarna i Sverige, eit strekk på 90 km. Det blir alltid gått i klassisk stil.

Rennet vart halde første gongen i 1922. I 2006 var Vasaloppet ein del av verdscupen i langrenn, etter å ha vore ein del av den såkalla Worldloppet-cupen for lange langrennsløp i 1975-2005. I 2007 var ikkje Vasaloppet ein del av verdscupen, sidan det fall samtidig med femmila i VM i Sapporo. I 2008 håpar arrangørane at det igjen får verdscupstatus.

Nordmenn har vunne «loppet» fem gonger: Ole Ellefsæter i 1971, Anders Aukland i 2004, broren Jørgen Aukland i 2008 og 2013, og av John Kristian Dahl 2014.

Historia bak namnetEndra

 
Vasaloppet har fått namn etter Gustav Vasa si avbrote flukt i 1521.

I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, konge av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av dei svenske noble var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I eit forsøk på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav sine foreldre, massakrert i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav flykta gjennom Dalane i frykt for livet sitt. Der prøvde han å overbevise folk i Mora til å gjera opprør mot kongen, men lukkast ikkje. På ski drog han da vidare mot Noreg, fram til han vart teke att av to skiløparar i Sälen. Mennene i Mora hadde endra meining og ønskte at Gustav skulle leie opprøret. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa krona til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen.

VasaloppshistorieEndra

 
Frå slutten av Vasaloppet i 1966.

Vasaloppet har sidan 1922 vorte halde til minne om denne flukta til Gustav Vasa, som fann stad i januar 1521. Årsaka til at løpet vart bestemt å gå frå Sälen til Mora i staden for i motsett retning, var mangelen på jarnbane i Sälen.

Den 19. mars 1922 flagga John Westling iveg dei første løparane. Det var 119 menn som klokka 06:04 gav seg iveg frå Olnispagården på vestsida av elva i Sälen. 117 fullførte løpet. Vinnaren detta året vart Ernst Alm frå IFK Norsjö på tida 7:32:49. Han er framleis (2005) den yngste vinnaren av Vasaloppet.

Den første kvinna som deltok i Vasaloppet var Margit Nordin, som i 1923 fullførte løpet på 10:09,42. Året etter vart det vedteke å forby kvinner i løpet. Dette forbodet tok slutt i 1981, etter at ei kvinne utkledd som mann vart intervjua i TV og avslørt i 1980.

Den raskaste tida oppnådde Peter Göransson i 1998, da han gjekk dei 9 mila på 3:38:57.

SøsterløpEndra

Eit søsterløp til det svenske Vasaloppet blir halde kvart år den tredje søndagen i februar i Mora i Minnesota i USA. Det amerikanske Vasaloppet består av løp på 35 km og 58 km skøyting, eit 42 km langt klassisk løp og mange andre arrangement i og rundt Mora. Den beste mannlege og kvinnelege løparen i det amerikanske Vasaloppet vinn ein tur for å konkurrere i det svenske.

Det kinesiske Vasaloppet har vorte heldt i Changchun sidan 2003.

Det svenske Vasaloppet er medlem i Worldloppet Ski Federation, ein serie lange langrennsturløp.

VasaloppsvekaEndra

Veka før Vasaloppet er kjent som Vasaloppsveka («Vasaloppsveckan»). Blant løpa heldt gjennom denne veka, i tillegg til sjølve Vasaloppet, er:

  • HalvVasan (halve distansen - 45km)
  • KortVasan (kort - 30km)
  • SkejtVasan (friteknikk - 45km)
  • StafettVasan (stafett - 90km)
  • TjejVasan (kvinner - 30km)
  • Öppet spår (utan konkurranse - 90km)
  • UngdomsVasan (9-16 år - 3-9km)

AnnaEndra

Det er mange spurtprisar undervegs i løpet. Ein av desse er Bergsprisen («Bergspriset»), som sidan 1970 har vorte tildelt den første skiløparen som passerer kontrollen i Evertsberg.

Like før mål står den såkalla «kranskullan». Dette er ei jente som slenger vinnarkransen over hovudet på vinnaren (dersom det ikkje er eit spurtoppgjer) og spring saman med han dei siste metrane inn til mål.

VinnararEndra

År Namn Land Tid
2014 John Kristian Dahl   4.14.33
2013 Jørgen Aukland   3:50:48
2012 Jörgen Brink   3:38:41
2011 Jörgen Brink   3:51:51
2010 Jörgen Brink   4:02:59
2009 Daniel Tynell   4.10.56
2008 Jørgen Aukland   4.13.45
2007 Oskar Svärd   4.43.40
2006 Daniel Tynell   4.34.09
2005 Oskar Svärd   3.51.47
2004 Anders Aukland   3.48.42
2003 Oskar Svärd   3.58.23
2002 Daniel Tynell   3.58.52
2001 Henrik Eriksson   4.01.22
2000 Raul Olle   4.14.38
1999 Staffan Larsson   4.31.37
1998 Peter Göransson   3.38.57
1997 Mikhail Botvinov   4.11.41
1996 Håkan Westin   4.01.15
1995 Sven-Erik Danielsson   4.11.09
1994 Jan Ottosson   4.06.19
1993 Håkan Westin   4.02.10
1992 Jan Ottosson   3.57.04
1991 Jan Ottosson   5.07.11
1990 Avlyst    
1989 Jan Ottosson   5.09.33
1988 Anders Blomqvist
Örjan Blomqvist
 
 
4.47.04
1987 Anders Larsson   4.20.20
1986 Bengt Hassis   3.48.55
1985 Bengt Hassis   4.45.43
1984 Hans Persson   4.14.14
1983 Konrad Hallenbarter   3.58.08
1982 Lasse Frykberg   4.28.50
1981 Sven-Åke Lundbäck   4.29.32
1980 Walter Mayer   4.08.02
1979 Ola Hassis   4.05.58
1978 Jean-Paul Pierrat   5.20.12
1977 Ivan Garanin   4.30.34
1976 Matti Kuosku   4.09.07
1975 Gert-Dietmar Klause   4.20.29
1974 Matti Kuosku   5.06.23
1973 Pauli Siitonen   4.42.11
1972 Lars-Arne Bölling   5.35.19
1971 Ole Ellefsæter   5.12.56
1970 Lars-Arne Bölling   5.08.38
1969 Janne Stefansson   4.50.07
1968 Janne Stefansson   4.39.49
1967 Assar Rönnlund   5.20.22
1966 Janne Stefansson   5.52.38
1965 Janne Stefansson   4.35.03
1964 Janne Stefansson   5.32.07
1963 Janne Stefansson   4.56.25
1962 Janne Stefansson   5.07.46
1961 David Johansson   4.45.10
1960 Sixten Jernberg   5.13.26
1959 Sune Larsson   5.13.28
1958 Gunnar Larsson   5.31.50
1957 Gunnar Larsson   6.23.40
1956 Sigvard Jonsson   5.23.36
1955 Sixten Jernberg   5.27.28
1954 Pekka Kuvaja   6.22.51
1953 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   5.01.55
1952 Sigfrid Mattsson   5.09.45
1951 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   5.27.20
1950 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   6.08.25
1949 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   5.44.09
1948 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   5.35.13
1947 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   5.59.35
1946 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   6.08.42
1945 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   6.27.59
1944 Gösta Andersson   5.18.43
1943 Nils «Mora-Nisse» Karlsson   5.47.10
1942 Olle Wiklund   5.31.50
1941 Mauritz Brönnström   6.51.12
1940 Arthur Häggblad   6.23.57
1939 Alfred Lif   5.35.59
1938 Elias Nilsson   5.48.28
1937 Arthur Häggblad   6.05.56
1936 Sven Hansson   6.31.55
1935 Arthur Häggblad   6.08.55
1934 Avlyst    
1933 Arthur Häggblad   5.57.09
1932 Avlyst    
1931 Anders Ström   6.37.47
1930 Verner Lundström   6.56.30
1929 J. A. Persson   6.38.22
1928 Per-Erik Hedlund
Sven Utterström
 
 
5.33.23
1927 Konrad Pettersson   6.19.32
1926 Per-Erik Hedlund   5.36.07
1925 Sven Utterström   6.03.55
1924 John Lindgren   6.53.26
1923 Oskar Lindberg   6.32.41
1922 Ernst Alm   7.32.49

BakgrunnsstoffEndra