Sjølvtenning er eit teknisk uttrykk for tenning av eit stoff utan vesentleg tilførsel av varme eller gneistar utanfrå.

Sjølvtenning oppstår særleg i rom der det blir lagra porøst brennbart materiale, som svakt fuktig høy, kolstøv og laust papir eller pussegarn som er fukta med torande oljer og liknande. Langsam oksidasjon i materialet, anten skapt av bakterielle prosessar, som i fuktig høy, eller ved kjemiske reaksjonar, utviklar varme. Inne i materialet, der varmen ikkje så lett slepp unna til omgivnadene, stig temperaturen, og dette aukar så farten av oksidasjonen og med det varmeutviklinga. Temperaturen kan då kome opp i sjølvtenningstemperaturen for materialet og det tek fyr.

Sjølvtenningstemperaturen er ikkje ein karakteristisk konstant for eit materiale, men avheng av tilhøve som trykk og blandingsforholdet med oksygen.

Kjelder endre