Sekkdyr

klasse kappedyr
(Omdirigert frå Sjøpungar)
Sekkdyr
Systematikk
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Kappedyr Tunicata
Klasse: Sekkdyr Ascidiacea
Ducrotay de Blainville, 1824

Sekkdyr, sjøpungar eller ascidiar (Ascidiacea) er ein klasse botnlevande kappedyr. Til skilnad frå visse andre kappedyr har sekkdyr berre ryggstreng under larvestadiet. 78 artar er kjende frå dei norske sjøområda.

Vaksne sekkdyr sit feste til havnbotnen gjennom stein, skjel, tang og tare. Nokre kan vera nedgravde i sand- eller gjørmebotn. Nokre artar, som i slekta kolonisekkdyr (Botryllus), dannar koloniar.

Sekkdyr i norske sjøområde inkluderer parallellogramsekkdyr (Corella parallelogramma), grønsekkdyr (Ciona intestinalis), schlossersekkdyr (Botryllus schlosserei), og stikkelsbærsekkdyr (Dendrodoa grossularia).

Kjelder endre

«sekkdyr» av Lauritz S. Sømme og andre i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. desember 2018.

«kappedyr» av Lauritz S. Sømme i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. desember 2018.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.