Sjøvottar har vorte brukt av fiskarar som har hatt særleg bruk for å halde seg varme på hendene. Sjøvottane vert laga av ull. Ull frå spelsau, frå gammalnorsk sau, eller sauerasar kryssa med desse, har vorte rekna som den beste ulla. Grå trøndersau har mellom anna vorte kalla «sjøvott-sau». Ulla frå desse dyra har lange, glatte dekkhår som gjer at vatnet kan renne av. Ein har helst brukt ull frå ryggen og øvste delen av låret. Etter at strikking vart vanleg i Noreg på 1600-talet[1], vart desse vottane strikka. Tidlegare ser det ut som dei har vorte laga med nålebindingteknikk. Det særmerkte ved sjøvotten er at han vert laga svært stor. Ulla har vorte laust tvinna, og det har vore brukt store pinnar som gir laust strikk. Votten har så vorte tøvd før han har vorte teken i bruk, eller han har vorte tøvd gjennom bruken. Nystrikka sjøvottar kan vere opp til ein halv meter lange.

Sjøvottar

Sjøvottar vert produsert noko ulikt alt etter kva dei skal brukast til. Vavottar, som skulle brukast til å draga garn eller snøre kunne verte strikka av ull som var iblanda hestetagl eller hår frå andre dyr. Det vert fortalt at kvalfangarar kunne ha vottar strikka av ull og kvinnehår. Dei skulle vere ekstra varme. Rovottane vart laga av rein ull. Væte, og gniking mellom hand og åre, gjorde at dei tøvdest mest.

Sjøvottar kunne verte laga med to tomlar. Dei kunne brukast på båe hende, og vart slitne på båe sider.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Trætteberg s. 164