Sjakkreglane er reglar for spelet sjakk. Prinsippet for dei moderne reglane ein speler etter i dag har vore uendra sidan mellomalderen, med berre små endringar i ettertid.

Foto av dei 6 sjakkbrikkene.
Staunton-brikkar. Frå venstre: konge, tårn, dronning, bonde, springar, løpar

Utgangsstillinga endre

Utgangsstilling - eller startstilling. Oppsettet av brettet ved starten av spelet.

 
 
               
               
               
               
               
               
               
               
 
 
Utgangsstilling. Legg merke til at kvit dronning står på kvitt felt, og svart dronning på svart.

Utgangsstillinga for eit sjakkparti er alltid lik. Kvar spelar startar med eit sett brikker som består av: 1 konge, 1 dronning, 2 tårn, 2 springarar, 2 løparar og 8 bønder oppsett som avbilda på bildet over. Brikkene er:

Brikke Konge Dronning Tårn Løpar Springar Bonde
Antal 1 1 2 2 2 8
Symbol  
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Spelets gang endre

Spelaren som speler med dei kvite brikkene blir kalla «kvit», mens spelaren som speler med dei svarte brikkene blir kalla «svart» eller «sort». Det er alltid «kvit» som startar spelet, og ein flyttar alltid berre eitt trekk om gongen før turen går til motstandaren. I offisielle turneringer er det som regel førehandsbestemt kven som startar med kva for ei farge, enten ved at hele turneringen er satt opp på førehand eller etter et gitt system som skal dele inn motstandarane etter poengfangst og farge i tidlegare rundar.

Brikkenes bevegelse endre

8                
7                
6                
5                
4                
3                
2                
1                
a b c d e f g h
8                
7                
6                
5                
4                
3                
2                
1                
a b c d e f g h
Tårnet kan flyttast til alle dei ledige felta i horisontal eller vertikal retning.
8                
7                
6                
5                
4                
3                
2                
1                
a b c d e f g h
Løparane kan flyttast til alle dei ledige felta i diagonal retning.
8                
7                
6                
5                
4                
3                
2                
1                
a b c d e f g h
Dronninga kan flytte til alle ledige felt i alle retningar, horisontalt, vertikalt og diagonalt.
8                
7                
6                
5                
4                
3                
2                
1                
a b c d e f g h
Springaren blir alltid flytta eitt felt horisontalt eller vertikalt og eitt felt diagonalt, slik at han etter flyttinga blir ståande på eit felt med motsett farge.
8                
7                
6                
5                
4                
3                
2                
1                
a b c d e f g h
Den kvite bonden kan flyttast til dei felta som er markert med X. Tårnet på c6 kan i tillegg slå eitt av tårna.

Rokade endre

8                
7                
6                
5                
4                
3                
2                
1                
a b c d e f g h

En passant endre

Ein bonde som står på motstandaren si 4. rad kan slå ut ein bonde som flytter to felt frå utgangsstillinga og ender opp på feltet på sida av bonden. Slaget blir utført ved at ein setter bonden på feltet bak bonden til motstandaren og fjernar denne.

Forvandling endre

Ein bonde som kjem heilt over brettet til 8. raden (1. rad for motstandaren) skal forvandlast til ein offiser som spelaren sjølv vel. Kva brikke ein vel er ikkje avhengig av kva andre offiserar som er på brettet frå før, dvs. at ein kan velje dronning (det vanlegaste), sjølv om ein har ei dronning på brettet frå før.

Sjakk og sjakk matt endre

Ein spelar seiast å stå i sjakk om det feltet kongen hans står på er angripe av ei av motstandaren sine brikker (unntatt kongen). Sidan det ikkje er lov å stå i eller flytte seg sjølv inn i sjakk kan dette avverjast anten ved å:

  • Gå ut av sjakken, dvs. gå til eit felt som ikkje er angripe av nokon av motstandaren sine brikker,
  • Sette ei brikke mellom kongen og den angripande brikka,
  • Slå ut den brikka som angrip kongen.

Ein speler seiast å stå i sjakk matt om eins konge er angripen av ein av motstandaren sine brikker (unntatt kongen), utan at eins konge kan gå ut av sjakken eller ein kan sette ein brikke mellom eller ein kan slå ut den angripande brikka. Den som står i sjakk matt har tapt spelet og partiet er over.

Ulovligheiter endre

Ulovlege trekk endre

Ein spelar skal utføre trekka i tråd med dei reglane som gjeld. Gjør ein spelar eit ulovleg trekk må dette tas tilbake og eit nytt lovlig trekk kan utførast. I turneringar er det forskjellige døme på sanksjonsmuligheiter avhengig av kva slags type turnering det er. I vanleg sjakk med lang tenketid vil motstandaren av den som gjer det ulovlege trekket vanlegvis få tillegg i si tid. I lynsjakk er partiet tapt om ein utfører et ulovlig trekk.

Ulovleg stilling endre

Ein ulovleg stilling er ei stilling som ikkje kan oppnåast ved normalt spel der alle trekka er utført i tråd med reglane for korleis brikkene kan flyttast. Eit døme på ein ulovlig stilling er om ein spelar har begge løparane på same farge utan at dette er skjedd ved hjelp av bondeforandling. Dersom det oppdagast under partiet at ein har oppnådd ei ulovlig stilling skal partiet i hovudregel startast på nytt. Dette kan den enkelte arrangør ha ulike regler på. Viss ein spelar velter ei eller fleire brikker skal posisjonen settast opp igjen på denne spelarens tid. Viss posisjonen ikkje kan rekonstruerast skal spelet opptakast på det tidspunktet i partiet der siste kjende stilling oppsto.

Oppførsel endre

Ein spelar har som hovudregel ikkje lov til å nytte seg av nokon som helst form for ekstern hjelp under eit parti, dette gjelder andre personar, databasar, litteratur eller datamaskinar. Avvik frå dette kan f.eks. vere rørslehemma, blinde eller andre med skadar som gjer at utføringa av trekk må utførast av ein annan person. Kommunikasjon mellom desse skal vere einvegs - spelar til assistent. Sjakk er historisk sett eit gentlemansspel, og det er vanleg (og forventa) at ein helser på motspelar før og etter eit parti. Forstyrring av motspelar er sett på som unfair spel, og ved gjentakande forstyrringar, f.eks. gjentekne remistilbod, kan turneringsleiaren gi spelaren åtvaring eller i verste fall døme denne til tap av partiet. Somme turneringar kan også ha kleskode.

Utføring endre

Eit trekk skal utførast med bare ei hand, og om ein speler med klokke skal ein trykkje på klokka med den handa ein utførte trekket med.

Avslutning av partiet endre

Eit parti kan avsluttast med 3 forskjellige resultat: seier til kvit, seier til svart eller remis (uavgjort).

Siger endre

Siger kan oppnåast ved at:

  • motstandaren gir opp partiet,
  • ein sett motstandarens konge sjakk matt,
  • motstandar gjer noko ulovlig som gjer at dommaren grip inn og dømmer denne til tap.

Remis kan oppnåast ved at:

  • ein oppnår same stilling på brettet tre gonger, den som er i trekket idet same stilling oppstår for tredje gang kan da påpeke dette og krevje remis, også kalla trekkgjentaking,
  • spelarane avtaler dette,
  • det er for lite materiell att på brettet til at nokon av spelarane kan sette motstandarens konge sjakk matt,
  • in av spelarane blir patt, d.v.s. at ein ikkje har igjen nokon lovlege trekk samstundes med at kongen ikkje er truga,
  • det er utført 50 trekk utan slag av brikke eller flytting av nokon bonde, den såkalla 50-trekksregelen.

Tidlegare eksisterte ein regel vedrørande evig sjakk, der eit parti er remis viss ein spelar kan sjakke motstandar utan at denne kan unngå dette. I praktisk spel er dette ein unødvendig regel då anten 50-trekksregelen etter kvart vil gjere seg gjeldande, eller ein får ei trekkgjentaking.

Bakgrunnsstoff endre