Sjernarøy skipreide
Sjernarøy skipreide, og kalla Sæbø skipreide, var ei av skipreidene i Ryfylke.[1]
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Sjernarøy sokn
- ytre delar av Fister sokn (vestre Randøy og øyane vestafor)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- nordlege delar av tidlegare Finnøy kommune (Sjernarøyane, Fisterøyane, Eidssund og Jørstad krinsar på Ombo)
- ein liten del av Hjelmeland kommune (Randa, Kota og Børøy)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Sjernarøy skipreide vart nemnd Sjernarøy tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Sjernarøy tinglag oppløyst, og Fister sokn gjekk til Hjelmeland tinglag, mens Sjernarøy vart del av det nye Nedstrand tinglag.[2]